Inspeksjon av rekkverk i Hedmark og Telemark

I to tilsynssaker mot Statens vegvesen, vegavdelingane Hedmark og Telemark, har Vegtilsynet inspisert rekkverk langs riksvegane.

Inspeksjonane såg spesielt på vedlikehald, montering, overgangar og avslutningar av rekkverk.


Funn i Hedmark

Vegtilsynet har kategorisert 17 registreringar som brot på krav på eit avgrensa område av Rv. 2 i vegavdeling Hedmark, og to registreringar som forbetringspunkt. Registreringane var ikkje fanga opp av Statens vegvesen, og 16 av registreringane var manglande boltar, som vegavdelinga opplyser at dei ikkje har inspeksjonsrutinar for. 

 

Funn i Telemark

Vegtilsynet har kategorisert 112 registreringar som «ikkje i samsvar» med krav i Handbok N101 innanfor driftskontrakt 0801 Vest Telemark i vegavdeling Telemark, og 7 registreringar som forbetringspunkt. Registreringane var ikkje fanga opp av Statens vegvesen, og 89 av registreringane var manglande boltar, som vegavdelinga opplyser at dei ikkje har inspeksjonsrutinar for.

 

Vurdering

Manglande inspeksjonsrutinar for boltar er allereie påvist som ein systematisk svikt i Statens vegvesen, i pågåande tilsynssak 2018-19. Vegtilsynet hadde møte med Vegdirektoratet 11. april 2019, og dei jobbar med tiltak både for å inspisere og utbetre rekkverka på riks- og fylkesvegnettet på kort sikt, samt systemtiltak for å sikre at avvika ikkje gjentek seg.

Vegtilsynet satt derfor ikkje eit nye avvik i desse tilsynssakene, men rår vegavdelingane til å gjere ei sjølvstendig vurdering av kor kritisk registreringane er for trafikktryggleiken, og minimum følgjer opp tiltaka som kjem frå Vegdirektoratet.

Nr. Navn Tema Tilsynspart
2019-14 2019-14 Inspeksjon av rekkverk, vegavdeling Hedmark Drift og vedlikehold Statens vegvesen, vegavdeling Hedmark
2019-16 2019-16 Inspeksjon av rekkverk, vegavdeling Telemark Drift og vedlikehold Statens vegvesen, vegavdeling Telemark