24. oktober 2019

Undersøking av tilstand på gang- og sykkelvegar i Rogaland og Østfold

Hol i dekke på gang- og sykkelvegen. Tilstand var ikkje i samsvar med krav til vegdekke/fast dekke.

Vegtilsynet har ført tilsyn med Statens vegvesen, der målet var å undersøke om tilstanden på gang- og sykkelvegar er i samsvar med krav.

Vegtilsynet har gjennom inspeksjon av gang- og sykkelvegar i Haugesund og Østfold sør, undersøkt Statens vegvesens etterleving av utvalde krav til tilstand i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger.

I driftskontrakt 1106, Haugesund gjorde Vegtilsynet 118 registreringar som ikkje var i samsvar med krava:

2019-18 tabell Haugesund.JPG


I driftskontrakt 1103, Østfold øst, gjorde Vegtilsynet 159 registreringar som ikkje var i samsvar med krava:

2019-20 tabell østfold.JPG


Konklusjonen i begge tilsynssakene er at Vegtilsynet vurderer fleire av registreringane som trafikkfarlege, og dei kan medverke til at ulukker oppstår, eller at skadeomfanget aukar dersom ei ulukke fyrst oppstår. Sjølv om entreprenøren og byggherren har utført tal inspeksjonar/kontrollar i samsvar med krav, har ikkje dette har ført til at tilstanden på riks gang- og sykkelvegane var i samsvar med kontraktens krav på det tidspunktet Vegtilsynet utførte inspeksjon.

Vegtilsynet har for begge driftskontraktane funne eitt avvik som vil bli følgd opp med Statens vegvesen

Les rapportane her:

Tilstand på gang- og sykkelveg. Statens vegvesen, Haugesund

Tilstand på gang- og sykkelveg. Statens vegvesen, Østfold