Skip to main content
20. oktober 2020

Utgreiing - Sjølvredning i lange eitt-løpstunnelar

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Vegtilsynet har gjennomført ei utgreiing for å undersøke mogelege tiltak som kan medverke til at trafikantane har nødvendige føresetnader for å gjennomføre sjølvredning raskt og sikkert nok til å unngå å verta drepne eller hardt skadde, ved farlege hendingar i eitt-løpstunnelar med møtande trafikk.

Vegtilsynet sine oppgåver omfattar å «foreslå endringer i regelverket dersom det er nødvendig for å betre sikkerheten knyttet til riksveiene». Vegtilsynet forvaltar ikkje regelverk sjølv. Framlegg til endringar i regelverk må fremjast overfor ansvarleg myndigheit, før regelverket eventuelt vert endra. 

Vegtilsynet har gjennomført ei rekke tilsyn retta mot sikkerheita i tunnelane. Fleire av tilsyna har avdekka at føresetnadane for trygg evakuering ikkje er tilfredsstillande. Dette har også Statens havarikommisjon sett i sine undersøkingar av fleire store tunnelbrannar i perioden 2011 til 2019.

Vegtilsynet har oppfatta utfordringane som størst i eitt-løpstunnelar med møtande trafikk, mellom anna fordi desse har eit meir komplisert trafikkbilete og som oftast ikkje har nødutgangar.

Den etablerte metoden for evakuering av vegtunnelar i Noreg er sjølvredning. Vegtilsynet har difor gjennomført ei utgreiing for å undersøke mogelege tiltak som kan medverke til at trafikantane har nødvendige føresetnader for å gjennomføre sjølvredning raskt og sikkert nok til å unngå å verta drepne eller hardt skadde, ved farlege hendingar i eitt-løpstunnelar med møtande trafikk.

Vegtilsynet avdekka mange mogelege årsaker og tiltak til problemet. I utgreiinga vert det sett nærare på fire mogelege tiltak:

1) Krav om automatisk deteksjon og effektiv varsling

2) Ta i bruk mobilbasert lokalisering og varsling

3) Krav om utplassering av personleg verneutstyr mot røyk (fluktmasker)

4) Utarbeida mål for evakuering, med rettleiing for risikovurderingar

Vegtilsynet har kome fram til at alle dei fire tiltaka truleg vil ha middels til stor positiv effekt på sikkerheita i tunnelane, og anbefaler at det vert jobba vidare med alle tiltaka. Vi vil særleg trekke fram tiltaka «Ta i bruk mobilbasert lokalisering og varsling» og «Krav om utplassering av personleg verneutstyr mot røyk». Tiltaka er venta å ha låg kostnad og kan gjennomførast med eksisterande teknologi. Begge tiltaka støttar også opp mot sikkerheitstilrådingar frå Statens havarikommisjon.

Rapporten kan du lese her: 

Utgreiing - Sjølvredning i lange eitt-løpstunnelar

Vedlegg 1 - Mogelege årsaker og tiltak