29. august 2014
sak 2014-03

Arbeidsvarsling – varsling og sikring av arbeid på og ved veg Statens vegvesen

Sammandrag

Ulykkesanalysar og rapportar om feil og manglar knytt til arbeidsvarsling var årsaka til at Vegtilsynet ville sjå nærare på om Statens vegvesen handterer oppgåver knytt til arbeidsvarsling i samsvar med krav.

Tilsynssaka omhandla korleis Statens vegvesen, Region vest handterer arbeidsvarsling. Vegtilsynet såg på i kva grad Statens vegvesen, Region vest godkjenner arbeidsvarslingsplanar i samsvar med krav. Vidare såg Vegtilsynet på om kontroll og oppfølging av arbeidsvarsling vert gjort i samsvar med krav.

Tilsynet viste at Statens vegvesen, Region vest følger krava som er sett til godkjenning av arbeidsvarslingsplanar, men at krava blir opplevd som utydelege. Dette medfører at sakshandsaminga ved godkjenning av arbeidsvarslingsplanar blir for personavhengig, og at planar kan bli handsama ulikt.

Tilsynet viste òg at Region vest ikkje har utarbeidd skriftelege prosedyrar for kontroll og oppfølging av arbeidsvarsling utover krava i Håndbok N301 Arbeid på og ved veg. Dette har til dømes medført at det er skilnad på kriterium for utval av arbeidsvarslingsplanar for kontroll.

Vidare viste tilsynet at det ikkje vert utarbeidd kontrollplanar, og innhenta data tyder på at tal gjennomførte kontrollar ikkje er i samsvar med overordna krav og føringar. Det er òg avdekka at avvik som er merka som lukka i kontrollrapport etter kontroll, ikkje var utbetra på arbeidsområdet.

Det vart gjort sju observasjonar. På bakgrunn av tilsynsfunna ga Vegtilsynet tre tilrådingar.