19. desember 2014
sak 2014-04

Avviks- og fråviksbehandling i reguleringsplanfasen Statens vegvesen

Samandrag

Tilsynssaka tok føre seg korleis Statens vegvesen, Region midt, sikrar kvalitet i reguleringsplanar og gjennom dette arbeidet hindrar at planane vert vedtekne med avvik som ikkje er handtert gjennom anten å rette dei opp, eller ved søknad om fråvik.

Slik systemet for utarbeiding av planforslag er gjeve i Statens vegvesen sin prosess, skal ulike barriererar hindre at avvik oppstår både i reguleringsfasen og seinare i byggefasen. Barrierane skal fastsetjast i styrande dokument. Slike barrierar vil til dømes vere planmøter, kontrollar og trafikksikkerheitsrevisjon av planar før dei vert vedtatt.

Tilsynet retta seg mot Region midt, og omfatta reguleringsplanar på riksveg vedteke i perioden frå 01.01.2011 til 01.06.2014. Tilsynssaka vart gjennomført som ein revisjon og omfatta dokumentgjennomgang og intervju.

Tilsynet viste at tilsynspart i stor grad utarbeidar styrande dokument. Det går likevel ikkje alltid fram av kvalitetsplanane kva revisjonar og analyser som skal utførast.

Når det gjaldt trafikksikkerheitsrevisjonar så var dette berre gjennomført på tre av ni reguleringsplanar i tråd med krava.

Tilsynet viste at ikkje alle avvik frå krav i normalar vert behandla. Dette gjeld to avvik fordelt på to ulike prosjekt.

Konsekvensane av at krav i normalane ikkje vert følgt, kan vere at trafikkfarlege tilhøve vert bygd inn i vegnettet.

Vegtilsynet konkluderte med at Region midt ikkje sikrar at alle avvik vert avdekka, men at prosessen for fråviksøknad vert følgd.

Basert på tilsynsfunna kom Vegtilsynet med ei tilråding. Tilsynspart skulle innan ein frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådingane vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av tiltak.