Tilsynsrapport sak 2016-08

Beredskapsplanar for vêrutsette strekningar Statens vegvesen, Region nord


Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region nord. Tilsynssaka omhandlar beredskapsplanar for vêrutsette strekningar.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn. Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet gitt 2 tilrådingar.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådingane vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak.


Samandrag

Målet med tilsynet var å undersøke om Statens vegvesen, Region nord, sikrar at beredskapsplanar for vêrutsette strekningar er i samsvar med krav.

Funn i saka var at regionen manglar ein regional trafikkberedskapsplan. Krav om å utarbeide ein slik plan er frå mai 2015.

Fire av dei vêrutsette strekningane Vegtilsynet undersøkte mangla beredskapsplanar eller hadde ufullstendige beredskapsplanar.

To av strekningane mangla ROS-analysar, slik det er krav om.

Når det gjeld lokale instruksar som skal beskrive korleis handtering av mellombels stenging og kolonnekjøring skal utførast, er desse utarbeidd i samsvar med krav for tre av dei fire vêrutsette strekningane.

Vegtilsynet meiner at Region nord ikkje har sikra oversikt gjennom regional trafikkberedskapsplan og ikkje har sikra god nok beredskap for å handtere hendingar på vêrutsette strekningar.

Konsekvensen kan vere at det ikkje vert sett i verk tiltak ved kritiske situasjonar og at det i ytste konsekvens oppstår fare for liv og helse.

Rapporten inneheld fire funn og Vegtilsynet har med bakgrunn i desse gitt to tilrådingar.


1. Bakgrunn

God beredskap er viktig for å minske følgene av uønskte hendingar. Når det gjeld vegnettet skal beredskapen sikre pålitelegheit, sikkerheit og framkome både i normalsituasjon og under påkjenning. Beredskapsplanar skal sikre tilstrekkeleg overvaking på strekningane, slik at ein til dømes innfører kolonnekjøring eller stenging til rett tidspunkt.

I situasjonar som til dømes fastkjøring av bilar, vert det stilt endå større krav til beredskapsplanane. I ein kritisk situasjon er ein avhengig av eit grundig forarbeid i samarbeid med politiet og andre ansvarlege etatar.

Samferdselsdepartementets strategi for samfunnssikkerhet i samferdselssektoren har tre overordna mål, der beredskap kan knytast spesielt til målsetting 2 og 3:

  • minske følgene av [store uønskede hendelser] hvis de skulle oppstå
  • sikre pålitelighet og framkommelighet i transport- og kommunikasjonsnett, både i normalsituasjon og under påkjenninger

Ifølgje instruksen skal Statens vegvesen:

  • ha oversikt over risiko-, trussel- og sårbarhetsbildet for vegnettet, samt arbeide tverrsektorielt med beredskapsplanlegging
  • sørge for nødvendig beredskap for å sikre best mulig framkommelighet på det viktigste vegnettet under ulike påkjenninger.

I Statens vegvesens handlingsprogram for 2013–2017 vert det slått fast at «fokus på risiko og sårbarhetsanalyser, øvelser, beredskapsplaner og kriseplanverk i Statens vegvesen opprettholdes og kontinuerlig evalueres, øves og revideres.»

Gjennom tidlegare tilsyn er det funne svakheiter når det gjeld beredskap knytt til omkøyringsruter.
Vegtilsynet har valt Region nord som tilsynspart. Regionen kan ha et tøft vinterklima, og har fleire vêrutsette vegstrekningar med store utfordringar vinterstid, både for dei som skal halde vegen open og for trafikantane.


2. Mål og problemstillingar

Målet med tilsynet er å undersøke om Statens vegvesen, Region nord, sikrar at beredskapsplanar for vêrutsette strekningar er i samsvar med krav.

For å undersøke dette har Vegtilsynet sett på følgjande problemstillingar:


Problemstilling 1
Har Region nord utarbeidd ein regional trafikkberedskapsplan i samsvar med krav?


Problemstilling 2
Har Region nord utarbeidd beredskapsplanar for vêrutsette strekningar i samsvar med krav?


Omgrepsbruk og avgrensing

ROS- analyse
«ROS-analyse er ein risiko- og sårbarhetsanalyse.

Risikoanalyse: Analyse av risiko, herunder identifisering av uønskede hendelser, med analyse av årsaker og konsekvenser/utfall. Sannsynligheter angis og risikoresultater presenteres. Risikoanalysen systematiserer kunnskap og usikkerheter. Analysens kvalitet beskrives.1

Sårbarhetsanalyse: defineres på samme måte som en risikoanalyse. Siden sårbarhet er et aspekt av risiko, er sårbarhetsanalysen en del av risikoanalysen.»


TEN-T
Det transeuropeiske transportnettet.


VegROS
«VegROS er en grovanalyse av risiko og sårbarhet for framkommelighetsbrudd på vegen. En analysegruppe med bred kompetanse om veginfrastruktur og terrenget rundt vegen, analyserer årlig risiko og sårbarhet knyttet til fremkommelighetsbrudd på vegnettet i alle driftskontrakter. [...] Analyseresultatene presenteres årlig for ALM/RLM og ELM.»2


3. Gjennomføring og metode

Tilsynssaka er gjennomført som ein revisjon.3 Tilsynspart er Statens vegvesen, Region nord.


Val av tilsynspart
Region nord har fleire vêrutsette vegstrekningar med store utfordringar vinterstid både for Statens vegvesen og for trafikantane.

Det er 14 fjellovergangar i regionen, og basert på statistikk mottatt frå vegtrafikksentralen i Region nord for perioden 2009–2016, har Vegtilsynet har valt ut fire strekningar som jamleg er stengde og kolonnekøyrd om vinteren, og ei strekning som berre unntaksvis er stengd og kolonnekøyrd:

E6 Saltfjellet (TENT-T) Nordland
E6 Kvænangsfjellet (TENT-T) Troms
E6 Sennalandet (TENT-T) Finnmark
E 10 Bjørnfjell (TENT-T) Nordland
Rv 77 Graddis (Viktig rute mellom regionene) Nordland

Vegtilsynet sende varsel om tilsyn 28. september 2016. Det vart gjennomført opningsmøte med tilsynspart 4. oktober 2015 for å informera ytterlegare om tilsynssaka, gjere nødvendige avklaringar om gjennomføringa av tilsynet, og å opprette ein god dialog med tilsynspart.

Det vart gjennomført intervju med beredskapsrådgivar for Region nord 30. november 2016.


Tilsynspart har lagt fram følgjande dokument:

  • Regional trafikkberedskapsplan, komplett.
  • Oversikt over vêrutsette strekningar i regionen
  • ROS- analyse med alle vedlegg for aktuelle strekningar
  • Alle beredskapsplanar for vêrutsette strekningar
  • Beredskapsplanar for vêrutsette strekningar som kan bli mellombels stengde/kolonnekøyrd for:
    • E6 Saltfjellet (TENT-T) Nordland
    • E6 Kvænangsfjellet (TENT-T) Troms
    • E6 Sennalandet (TENT-T) Finnmark
    • E 10 Bjørnfjell (TENT-T) Nordland
    • Rv 77 Graddis (Viktig rute mellom regionene) Nordland
  • Eventuelle regionspesifikke prosessar, retningslinjer, rutinar eller liknande.

I tillegg har det vore gjennomført eit intervju med beredskapsrådgivaren i Region nord.

2016-08 Figur 1
2016-08 Figur 2


Figur 3.1 viser kva trafikkberedskapsplanar som skal utarbeidast i regionane. I dette tilsynet skulle Vegtilsynet undersøke om den regionale trafikkberedskapsplanen viste til planar for vêrutsette strekningar. For dei valde vêrutsette strekningane har Vegtilsynet gjort ei grundigare undersøking. Dei lokale trafikkberedskapsplanane som går fram av figur 3.1, har ikkje vore ein del av undersøkinga.

2016-08 Figur 3

Figur 3.1: Samanheng mellom planar for beredskap i Statens vegvesen. Figuren er henta frå Håndbok R611.


Problemstilling 1: Har Region nord utarbeidd ein regional trafikkberedskapsplan i samsvar med krav?

Problemstillinga er klarlagd ved dokumentgjennomgang som skulle vise om Region nord har utarbeidd ein regional trafikkberedskapsplan som samsvarar med mal i Håndbok R611, om innhaldet i planen er oppdatert, og om linkar til resten av regionen sine planar er oppdatert og korrekt. Det er òg gjennomført intervju med beredskapsrådgivar i veg- og transportavdelinga i Region nord.

 


Problemstilling 2: Har Region nord utarbeidd beredskapsplanar for vêrutsette strekningar i samsvar med krav?

Det er vurdert om beredskapsplanane for dei fem utvalde strekningane samsvarar med krav i NA-rundskriv 2013/10 eller 2007/09. Kva rundskriv som gjeld er avhengig av når driftskontrakten vart inngått.

Følgjande vart undersøkt:

  • Har regionen gjort en vurdering av vegsystemets sårbarheit?
  • Er siste oppdaterte beredskapsplanar for strekningar som kan bli mellombels stengt/kolonnekjørt tilgjengeleg?
  • Er beredskapsplan for strekningar som kan bli mellombels stengt/kolonnekjørt utarbeidd i samsvar med krav i NA-rundskriv 2013/10, og der det er aktuelt, NA-rundskriv 2007/09?

Undersøkinga er gjort med dokumentanalyse av beredskapsplanane og intervju med beredskapsrådgivar i veg- og transportavdelinga i Region nord.

Utkast til rapport vart lagt fram for tilsynspart 07.12.2016, med frist for å gje tilbakemelding på faktafeil. Tilsynspart gav slik tilbakemelding innan fristen og dette er tatt omsyn til ved utarbeiding av endeleg tilsynsrapport.


4. Tilsynskriterium

Tilsynskriteria i saka baserar seg på og er utleda frå følgjande prosessar og kravdokument:

  • Håndbok R611 Trafikkberedskap: Håndtering av uforutsette hendelser på veg
  • Håndbok R763 Retningslinjer for utarbeidelse av konkurransegrunnlag
  • Kvalitetssystemet: prosess «Trafikkberedskap»
  • NA-rundskriv 2013/10: «Retningslinjer for midlertidig stengning og innføring av kolonnekjøring på fjelloverganger og andre værutsatte vegstrekninger» (med vedlegg)4
  • NA-rundskriv 2007/09: «Retningslinjer for midlertidig stengning og innføring av kolonnekjøring på fjelloverganger og andre værutsatte vegstrekninger» (med vedlegg)

Relevante utdrag frå kravdokumenta går fram av vedlegg 1. Tilsynskriteria for kvar problemstilling er presentert under.


Problemstilling 1: Har Region nord utarbeidd ein regional trafikkberedskapsplan i samsvar med krav?5 
Kvar region skal utarbeide ein overordna regional trafikkberedskapsplan for hendingar på veg.

Planen skal følge malen «Regional trafikkberedskapsplan» i vedlegg 2 i Handbok R611 når det gjeld kapittelinndeling og innhald.

Den regionale trafikkberedskapsplanen skal innehalde ei beskriving av Statens vegvesen si rolle, ansvar og organisering for trafikkberedskap, med beskriving av korleis beredskapen i regionen er organisert. Planen skal som minimum beskrive rolla til:

  • regionvegkontor
  • vegavdeling
  • VTS
  • byggherre
  • trafikant og køyretøy
  • eventuelt eksterne samarbeidsparter

Regionvegkontoret skal utarbeide varslingsplanar som sikrar at redningsetatar, entreprenørar, leiinga, byggherre og anna aktuelt personell i Statens vegvesen vert varsla om hendingar på vegane. Denne varslingsplanen skal inngå i den regionale trafikkberedskapsplanen, og detaljerast i lokale trafikkberedskapsplanar. Varslingsplanane skal haldast oppdatert.

Planen skal også innehalde rutinar for å handtere brot i kommunikasjon til tekniske system og rutinar for å handtere utfall av telenett (brot på samband).

Den regionale trafikkbereskapsplanen skal innehalde ei oversikt over trafikkberedskapsplanar for vêrutsette strekningar i regionen, med beskriving av kor oppdaterte planar er tilgjengeleg.


Problemstilling 2: Har Region nord utarbeidd beredskapsplanar for vêrutsette strekningar i samsvar med krav?6 
Som grunnlag for trafikkberedskapsplanar skal det gjennomførast jamlege risiko- og sårbarheitsanalysar, der sårbarheitspunkt på vegnettet vert lokalisert. Desse analysane skal blant anna danne grunnlag for trafikkberedskapsplanane for vêrutsette strekningar.

Den regionale trafikkbereskapsplanen skal innehalde ei oversikt over trafikkberedskapsplanar for desse vêrutsette strekningane. Det skal beskrivast kor oppdaterte planar er tilgjengeleg.

Planane skal reviderast når endra forhold tilseier det, ved endringar i vegnettet eller ved oppstart av ny driftskontraktperiode.

Det skal utarbeidast varslingsplanar som sikrar at redningsetatar, entreprenørar, leiinga, byggherre og anna aktuelt personell i Statens vegvesen vert varsla om hendingar på veg. Varslingsplanen skal inngå i regional trafikkberedskapsplan, og detaljerast i lokale trafikkberedskapsplanar.

Det skal utarbeidast ein lokal instruks7 og ein beredskapsplan for strekningar som kan bli mellombels stengde/kolonnekøyrde for kvar enkelt vêrutsette strekning.8 Dei beredskapsplanane for fastkøyrd kolonne og instruksane som inngjekk i driftskontraktane som er inngått før NA-rundskriv 2013/10 tok til å gjelde 06.12.2013, vert målt opp mot NA-rundskriv 2007/09.9

Følgjande krav gjeld dei kontraktane som vart inngått etter at NA-rundskriv 2013/10: «Retningslinjer for midlertidig stengning og innføring av kolonnekjøring på fjelloverganger og andre værutsatte vegstrekninger» (med vedlegg) tok til å gjelde 06.12.2013:

  • Beredskapsplanen skal utarbeidast i samarbeid med lokal redningsteneste og driftsentreprenør, og politiets aksjonsplan skal vere ein del av planen.
  • Beredskapsplanen skal bygge på ein dokumentert risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) som skal gjennomførast for kvar enkelt kolonnekøyrde strekning.

     


5. Innhenta data

Problemstilling 1: Har Region nord utarbeidd ein regional trafikkberedskapsplan i samsvar med krav?

Eit arbeidsdokument «Regional trafikkberedskapsplan for Statens vegvesen Region nord» vart levert til Vegtilsynet som dokumentasjon. Trafikkberedskapsplanen er merka «Arbeidsdokument», og er såleis ikkje ferdig utarbeida. Arbeidet med den regionale trafikkberedskapsplanen vart i følgje tilsynspart sett i gang hausten 2015, men vart utsett medan ein venta på sentrale avklaringar på innhaldet i kapitla trafikkberedskapsklassar og omkøyringsvegnett. Det er i følgje tilsynspart satt frist i RLM (regionleiarmøte) for å ferdigstilla den regionale trafikkberedskapsplanen innan februar 2017.

Regionen fortel vidare at dei har prioritert å få på plass dei lokale og meir operative planverka, fordi det er desse som ligg nærast handteringa og ressursane ute på vegen. Den regionale trafikkberedskapsplanen har difor ikkje blitt ferdigstilt. Det er veg- og transportavdelinga som har ansvaret for å utarbeide planen og regionen sin beredskapsrådgivar som fører den i pennen.

Regionen meiner at den regionale trafikkberedskapsplanen vil være eit førande dokument for dei lokale planane, og at den skal bidra til å sikre ein heilskap i den regionale beredskapen, samt ivareta dei grenseflatene mot eksterne tilhøve som ikkje vert beskrive på lokalt nivå.


Oppsummering problemstilling 1
Dokumentgjennomgangen har vist at det ikkje er utarbeidd ein ferdig regional trafikkberedskapsplan.


Problemstilling 2: Har Region nord utarbeidd beredskapsplanar for vêrutsette strekningar i samsvar med krav?

Har regionen gjort ei vurdering av vegsystemets sårbarhet? 
Tilsynspart har gitt Vegtilsynet tilgang til dokumentet «VegROS tiltak 26-9 Værutsatte strekninger». I intervju vart det forklart at kartlegginga av kritiske punkt i Region nord var ferdig i 2015. Dei strekningane Vegtilsynet har valt å sjå på i denne saka er merka grøne og kjem fram i tabell 5.2:

Tabell 5.2: Vêrutsette punkt/strekningar ifølgje VegROS Region nord.

2016-08 Tabell 1
 
2016-08 Tabell 1.2

E6 Sennalandet og Rv77 Graddis manglar i VegROS.

 

Etter at Vegtilsynet gjorde Region nord merksam på at det mangla to strekningar i dokumentasjonen for VegROS, ettersendte regionen dokumentasjon på at E6 Sennalandet var med i VegROS som ein vêrutsett strekning.

Undersøkinga Vegtilsynet har gjort viser at fire av dei fem vêrutsette strekningane som var utvalt i undersøkinga kjem fram i den utførte VegROS. Strekninga Rv77 Graddis er ikkje vist til i VegROS, sjølv om strekninga er lista opp av Statens Vegvesen som nokon av dei viktigaste kolonnekøyrde strekningane på www.vegvesen.no (sjå vedlegg 1).

I intervjuet kom det fram at det hadde vore usikkerheit om Rv77 Graddis skulle vera med som vêrutsett strekning, då den kolonnekøyrde strekninga er på svensk side, og det i hovudsak er fastkøyrde vogntog i Junkerdalen som er problemet på norsk side.


Er siste oppdaterte beredskapsplan for strekningar som kan bli mellombels stengde/kolonnekøyrde, tilgjengeleg?

Regionen informerer i e-post om at beredskapsplanane for dei vêrutsette strekningane vert lagra hjå driftskontraktane. Nokre av planane vert lagra på fellesområdet, O.

Regionen ser fleire forbetringsbehov for systemet som skal gi oversikt over beredskapsplanane, og kan informere om at i samband med innføring av beredskapssystemet har Region nord fått i oppdrag å utarbeide framlegg til eit planvisningsverktøy(struktur) som skal samle alle planar som gjeld beredskap. Regionen bekreftar i intervju at det ikkje er på plass eit system som gjer det lett å finne fram til lokale rutinar og beredskapsplanar. Det kom ikkje fram når eit slikt system kan forventast å vere på plass.


Er beredskapsplan for strekningar som kan bli mellombels stengde/kolonnekøyrde utarbeidd i samsvar med krav i NA-rundskriv 2013/10 eller NA-rundskriv 2007/09?
For fjellovergangane E6 Saltfjellet, Rv77 Graddis og E6 Sennalandet er det NA-rundskriv 2013/10 som gjeld og for fjellovergangane E6 Kvænangsfjellet og E10 Bjørnfjell, er det NA-rundskriv 2007/09 som gjeld.

Under er det lista opp kva strekningar som er inkludert i undersøkinga, kva kontrakt som driftar strekninga, og kva tidsrom kontrakten gjeld.

Strekning Kontrakt  
1. E6 Saltfjellet/Rv 77 Graddis 1806 Bodø 2015–2020
2. E6 Kvænangsfjellet 1907 Nord Troms 2012–2017
3. E6 Sennalandet 2007 Hammerfest 2014–2019
4. E10 Bjørnfjell 1808 Narvik 2012–2018

Graddis vert ikkje undersøkt vidare av Vegtilsynet då denne i samband med mellombels stengd/kolonnekøyrd strekning er ivaretatt av Sverige.

Tabell 5.3: Utvalde strekningar, og oppfylling av NA-rundskriv 2013/10

  E6 Saltfjellet E6 Sennalandet
Er det gjennomført ROS-analyse for strekninga?    
Er det utarbeidd beredskapsplan i samsvar med gjeldande NA-rundskriv?    
Er risiko som er funne i ROS analysen nytta i beredskapsplanen?    
Samsvarar lokal instruks med gjeldande NA-rundskriv?    
Har politi, lokal redningsteneste og driftsentreprenøren vore med på utarbeiding av planverket?    
Er politiets aksjonsplan en del av beredskapsplanen for strekningar som kan bli mellombels stengde/kolonnekøyrde?    

Tabell 5.4: Utvalde strekningar, og oppfylling av NA-rundskriv 2007/09

  E6 Kvænangsfjellet E 10 Bjørnfjell
Er det utarbeidd beredskapsplan i samsvar med gjeldande i NA-rundskriv 2007/09?    
Samsvarar lokal instruks med mal i NA-rundskriv 2007/09?    

 

Utført  
Delvis utført  
Ikkje utført/manglar  


Gjennomgang av krav til dei utvalde strekningane som kan bli mellombels stengde/kolonnekøyrde

Dokumentgjennomgangen viser at for ingen av dei to vêrutsette strekningane, der det er krav om ein ROS-analyse for den kolonnekøyrde delen av strekninga, er dette gjennomført.

Fjellovergangane E6 Kvænangsfjellet og E10 Bjørnfjell er drifta av driftskontrakt 1907 Nord Troms og 1808 Narvik som starta i 2012, før NA-rundskriv 2013/10 kom ut. Det er ikkje eit krav til at desse kontraktane skal ha gjennomført ein ROS-analyse i arbeidet med å utarbeide beredskapsplan.

Det er ikkje utarbeidd beredskapsplan i samsvar med krav i NA-rundskriv for E6 Saltfjellet og E6 Sennalandet. Region nord meiner den lokale instruksen for stenging og kolonnekøyring saman med den Regionale instruksen for fastkøyrd kolonne, er dekkande for krav om ein Beredskapsplan for fastkøyrd kolonne. Dette gjeld for fjellovergangane E10 Bjørnfjell, og E6 Kvænangsfjellet, som er omfatta av NA-rundskriv 2007/09. (sjå vedlegg 3, 4 og 5) Det er for E6 Kvænangsfjellet sett i gang ein prosess med utarbeiding av beredskapsplan og instrukser for ny kontrakt som startar opp september 2017.

Den lokale instruksen for stenging og kolonnekøyring, er for E6 Kvænangsfjellet spesielt utarbeida for denne strekningen, medan den for E10 Bjørnfjell er generell utan at det går fram at den har spesiell tilknyting til strekningen. Begge instruksane beskriv kva tiltak som skal gjennomførast ved mellombels stenging og kolonnekøyring av strekninga. Det er mellom anna oppgitt kor mange bilar og personar som kan vera med i kolonnane. For Kvænangfjellet er det satt en grense på 75 personer som kan være med i kolonnen, medan det for Bjørnfjell er satt en grense på 60 personer.

Den regionale instruksen for fastkøyrd kolonne er generell, og såleis lik for dei to fjellovergangane. Denne instruksen har som formål å sikre Statens vegvesen sine aktiviteter ved fastkøyrd kolonne, og få frakta trafikantane ut av kolonnestrekninga. Instruksen er utforma som ei matrise, er kortfatta, og står fram som ei hugseliste for kva som skal gjerast ved fastkøyring av kolonne. Dokumentet har overskrift «instruks» og er ikkje nemnt med «beredskapsplan», instruksen inneheld punkt som vanlegvis skal inn i ein beredskapsplan. Det er eit lite detaljert dokument, som ikkje har innhald som f eks: Beskriving av strekninga, kor tid ein skal varsla, telefonlister, lister over disponibelt utstyr/skiltmateriell, oversikt over bommer eller innkvarteringssteder.

E6 Kvænangsfjellet har ein instruks for fastkøyrd kolonne frå 2009. Denne samsvarar med mal i NA-rundskriv 2007/09. Ny instruks etter mal i NA-rundskriv 2013/10 er under utarbeiding og innførast når ny kontrakt starter opp hausten 2017. E6 Sennalandet har ein instruks, men etter NA-rundskriv 2007/09. Denne kontrakten skulle hatt ein instruks som følgde krav i NA-rundskriv 2013/10.

Regionen har ikkje samarbeidd med politi eller anna lokal redningsteneste for å utarbeide beredskapsplanar for dei kolonnekøyrde strekningane. Det ble opplyst i intervju at ein har eit overordna samarbeid med politiet på regionalt nivå. Ingen av dei fire undersøkte strekningane kunne vise til at dei hadde fått tilgang til politiets aksjonsplan. Sjå tabell 5.3 og 5.4.

Det er ifølgje tilsynspart ikkje utarbeidd særskilte rutinar/planer for stenging/kolonnekøyring for Rv 77 Graddis. Utfordringane på denne vegen ligg i hovudsak på svensk side, ved fjellovergangen 2–3 km frå grensa.


6. Funn

Tilsynsfunna vert delt inn i kategoriane avvik og observasjon:

  • Avvik: Mangel på etterleving av krav
  • Observasjon: Tilsynsbevis sett opp mot tilsynskriteria, der det er mogelegheit for forbetring. Utan forbetring kan det utviklast til eit avvik.


Funn 1 – avvik

Det er ikkje utarbeidd ein regional trafikkbereskapsplan i samsvar med krav.


Tilsynskriterium
Kvar region skal utarbeide ein overordna regional trafikkberedskapsplan for hendingar på veg.

Planen skal følge malen Regional trafikkberedskapsplan i vedlegg 2 i Handbok R611 når det gjeld kapittelinndeling og innhald.

Den regionale trafikkberedskapsplanen skal innehalde ei beskriving av Statens vegvesen si rolle, ansvar og organisering for trafikkberedskap, med beskriving av korleis beredskapen i regionen er organisert. Planen skal som minimum beskrive rolla til:

  • regionvegkontor
  • vegavdeling
  • VTS
  • byggherre
  • trafikant og køyretøy
  • eventuelt eksterne samarbeidsparter

Regionvegkontoret skal utarbeide varslingsplanar som sikrar at redningsetatar, entreprenørar, leiinga, byggherre og anna aktuelt personell i Statens vegvesen vert varsla om hendingar på veg. Denne varslingsplanen skal inngå i den regionale trafikkberedskapsplanen, og detaljerast i lokale trafikkberedskapsplanar. Varslingsplanane skal haldast oppdatert.
Planen skal også innehalde rutinar for å handtere brot i kommunikasjon til tekniske system og rutinar for å handtere utfall av telenett (brot på samband).

Den regionale trafikkbereskapsplanen skal innehalde ei oversikt over trafikkberedskapsplanar for vêrutsette strekningar i regionen, med beskriving av kor oppdaterte planar er tilgjengeleg.


Tilsynsbevis
Dokumentet «Regional trafikkberedskapsplan for Statens vegvesen Region nord», med påskrifta «Arbeidsdokument», er ikkje å sjå på som ein regional trafikkberedskapsplan.


Funn 2 – avvik

Det er ikkje utarbeidd beredskapsplan for strekningar som kan bli mellombels stengde/kolonnekøyrde i samsvar med krav.


Tilsynskriterium
Det skal utarbeidast ein beredskapsplan for strekningar som kan bli mellombels stengde/kolonnekøyrde for kvar enkelt vêrutsette strekning. Dei beredskapsplanane som inngjekk i driftskontraktane som vart inngått før NA-rundskriv 2013/10 tok til å gjelde 06.12.2013, vert målt opp mot NA-rundskriv 2007/09. Dette gjeld for strekningane E6 Kvænangsfjellet og E10 Bjørnfjell.

For E6 Saltfjellet og E6 Sennalandet der driftskontraktane vart inngått etter at NA-rundskriv 2013/10 trådde i kraft, gjeld følgjande krav:

  • Beredskapsplanen skal utarbeidast i samarbeid med lokal redningsteneste og driftsentreprenør, og politiets aksjonsplan skal vera ein del av planen.
  • Beredskapsplanen skal bygge på ein dokumentert risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) som skal gjennomførast for kvar enkelt kolonnekøyrde strekning.


Tilsynsbevis
Det er ikkje utarbeidd beredskapsplan for strekningar som kan bli mellombels stengde/kolonnekøyrde i samsvar med NA-rundskriv 2007/09 for strekningane E6 Kvænangsfjellet og E10 Bjørnfjell.

Det er ikkje utarbeidd beredskapsplan for strekningar som kan bli mellombels stengde/kolonnekøyrde i samsvar med NA-rundskriv 2013/10 for strekningane E6 Saltfjellet og E6 Sennalandet.

Vidare er det ikkje utført ROS-analyse for strekningar som kan bli mellombels stengde/kolonnekøyrde i samsvar med NA-rundskriv 2013/10 for E6 Saltfjellet og E6 Sennalandet.


Funn 3 – avvik

Det er for strekningen E6 Sennalandet ikkje utarbeidd ein lokal instruks i samsvar med krav.


Tilsynskriterium
Det skal utarbeidast ein lokal instruks for strekningar som kan bli mellombels stengde/kolonnekøyrde. Denne instruksen gir byggherre og entreprenør føringar for korleis stenging og kolonnekøyring skal utførast for den einskilde strekninga. Dei instruksane som inngjekk i driftskontraktane som vart inngått før NA-rundskriv 2013/10 tok til å gjelde 06.12.2013, vil bli målt opp mot NA-rundskriv 2007/09 med vedlegg. Dette gjeld for strekningane E6 Kvænangsfjellet og E10 Bjørnfjell.


Tilsynsbevis
Instruksen for E6 Sennalandet er utarbeidd etter NA-rundskriv 2007/09. Instruksen skulle ha vore utarbeidd i samsvar med NA-rundskriv 2013/10.


Funn 4 – observasjon

Region nord sin regionale instruks for fastkøyrd kolonne er for lite detaljert for dei enkelte kolonnekøyrde strekningane den gjeld, medrekna E6 Kvænangsfjellet og E10 Bjørnfjell, til at den kan sjåast som ein beredskapsplan.


Grunngjeving
I NA-rundskriv 2007/09 punkt 18 står det at det skal «utarbeides en beredskapsplan for hvordan en situasjon hvor kolonnen setter seg fast på fjellet skal håndteres.»

Region nord har på bakgrunn av dette utarbeidd ein regional instruks for fastkøyrd kolonne. Regionen meiner at den regionale instruksen saman med den lokale instruksen,10 oppfyller plankravet i punkt 18.

Så lenge den regionale instruksen for fastkjøyrd kolonne ikkje vert revidert, vil instruksen for strekningen E6 Kvænangsfjellet, kontrakt 1907 Nord Troms, vere gjeldande frem til ny driftskontrakt blir inngått i 2017. For strekning E10 Bjørnfjell, kontrakt 1808 Narvik, vil instruksen vere gjeldande fram til ny kontrakt blir inngått i 2018.

Det oppgitte formålet med Region nord sin regionale instruks for fastkøyrd kolonne er å «sikre Statens vegvesen sine aktiviteter ved fastkjørt kolonne og få fraktet fastkjørte trafikanter raskt, trygt og effektivt ut av kolonnestrekningen».

Den regionale instruksen for fastkøyrd kolonne framstår for lite detaljert for å oppnå sitt formål som beredskapsplan, med tanke på at instruksen ikkje inneheld blant anna:

  • ei nærare beskriving av den kolonnekøyrde strekninga med eit evt. kart
  • ein komplett varslingsplan med kontaktinfo til alle involverte partar
  • rutinar ved sambandsbrot
  • ei oversikt over tilgjengeleg utstyr og kor dette normalt finst tilgjengeleg
  • eventuelle mottaksstadar og korleis desse skal klargjerast
  • ei distribusjonsliste


7. Vurderingar

Manglande beredskapsplanar
Det er positivt at Region nord, gjennom VegROS, har gjennomført ei vurdering av sårbarheit knytt til stenging eller kolonnekøyring for strekningane som vart valt ut i tilsynssaka.

Det har derimot ikkje vore gjennomført eit arbeid for å få regional trafikkberedskapsplan på plass for Region nord, til tross for at kravet til å ha denne på plass er frå mai 2015.

To av dei fire vêrutsette strekningane som er undersøkt, Saltfjellet og Sennalandet, manglar beredskapsplanar etter NA-rundskriv frå 2013. Det er ikkje gjennomført ROS-analysar for desse to strekningane, slik det er krav til at det skal vere.

Dei to andre vêrutsette strekningane som er undersøkt, manglar fullstendige beredskapsplanar. Kvænangsfjellet og Bjørnfjell har likevel ein regional generell instruks som inneheld noko av det som bør inngå i ein beredskapsplan.


Lokale instruksar samsvarar ikkje med krav
Når det gjeld lokale instruksar som skal beskrive korleis handtering av mellombels stenging og kolonnekøyring skal utførast, er desse utarbeidd i samsvar med krav for tre av dei fire vêrutsette strekningane.


Ikkje beredskap i samsvar med krav
Vegtilsynet meiner at Region nord ikkje har sikra oversikt gjennom regional trafikkberedskapsplan og ikkje har sikra god nok beredskap for å handtere hendingar på vêrutsette strekningar.

Konsekvensen kan vere at det ikkje vert sett i verk tiltak ved kritiske situasjonar og at det i ytste konsekvens oppstår fare for liv og helse.


8. Tilrådingar

Det blir vist til funn og vurderingar i kapittel 6 og 7. Vegtilsynet kjem med følgjande tilrådingar:


Tilråding 2016-08 nr. 1
Tilsynet har vist at Region nord ikkje har eit system som sikrar at regional trafikkberedskapsplan er på plass, sjå avvik beskrive i funn 1.

Vegtilsynet tilrår at Region nord:

  • utarbeidar regional trafikkberedskapsplan etter krav
  • gjennom regional trafikkberedskapsplan viser i oversikt at alle dei spesielle vêrutsette strekningane i regionen er med i planen med beskriving av kor dei oppdaterte planane er tilgjengelege.


Tilråding 2016-08 nr. 2
Tilsynet har vist at Region nord ikkje har eit system som sikrar at beredskapsplanar og instruksar for mellombels stengde/kolonnekøyrde strekningar er utarbeidd, sjå avvik beskrive i funn 2, 3 og 4.

Vegtilsynet tilrår at Region nord:

  • utarbeidar beredskapsplanar for vêrutsette strekningar i samsvar med krav, og gjennomfører ROS-analyse som vert lagt til grunn og brukt i beredskapsplanar der det er eit krav.
  • utarbeidar instruksar for vêrutsette strekningar som kan bli kolonnekøyrde og mellombels stengde etter krav
  • undersøker om det er fleire vêrutsette strekningar i regionen som ikkje har beredskapsplanar og instruksar som utarbeidd etter krav og at det for desse eventuelt også vert utarbeidd beredskapsplanar og instruksar etter krav


Oppfølging av tilrådingane

Statens vegvesen, Region nord skal innan ein fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådingane vil verta handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak. På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging og lukking av tilrådingane.


Last ned tilsynsrapporten som PDF