24. juni 2020
sak 2020-01

Drift og vedlikehold av ventilasjonsanlegg i tunnelar Statens vegvesen

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar drift og vedlikehald av ventilasjonsanlegg i tunnelar.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avviket vil verta handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring. På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller lukking av avviket.


Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøka om Statens vegvesen driftar og vedlikeheld ventilasjonsanlegg i tunnel i samsvar med krav. Vegtilsynet undersøkte om Statens vegvesen planlegg og har oversikt over drift og vedlikehald av ventilasjonsanlegg.

Samla sett viste tilsynssaka at Statens vegvesen ikkje i tilstrekkeleg grad etterlever krav til drift og vedlikehald av ventilasjonsanlegg.

Vegtilsynet fann at Statens vegvesen:

  • ikke har utarbeidd instruks for drift og vedlikehald av ventilasjonanalegg i samsvar med Handbok R610
  • Ikkje har dokumentert at det er utført nødvendig drift og vedlikehald av ventilasjonsanlegg i tunnelane

Vegtilsynet har funne to avvik som vil verte følgt opp med Statens vegvesen.