Samandrag
Tilsynssaka omhandlar korleis Statens vegvesen, Region nord identifiserer og vurderer risiko for vêrrelaterte hendingar i veginfrastrukturen ved planlegging av vegprosjekt. Saka er avgrensa til utvalde prosjekt i Nordland fylke.
Vegtilsynet undersøkte om Region nord har eit effektivt system for å identifisere og vurdere risiko i reguleringsplanfasen, og om dette vert følgd i praksis.
Tilsynet viste at det er gitt overordna krav og lagt føringar for at det skal gjennomførast risiko- og sårbarheitsanalysar i reguleringsplanfasen, men at desse ikkje sikrar eins metodisk tilnærming. Tilsynet viste vidare at det manglar føringar som sikrar at risiko for vêrrelaterte hendingar vert identifisert og vurdert i ROS-analysane, og at det manglar føringar om korleis omsyn til framtidige klimautfordringar skal takast inn i vurderingane.
Region nord utarbeidde og nytta berre i liten grad styrande dokument som verktøy for å sikre kvalitet i reguleringsplanfasen i samsvar med intensjonen i Håndbok R760 Styring av vegprosjekter. Styrande dokument vari stor grad erstatta av dialog mellom partar i reguleringsplanarbeidet, utan at denne dialogen vart dokumentert.
Vi fann stor variasjon i metodisk tilnærming når det gjaldt gjennomføringa av ROS-analysar, og det mangla eintydig og felles forståing av kva krav som er sett til dette arbeidet. Det mangla dokumentasjon som synleggjorde kva vurderingar som låg til grunn for samandraget av ROS-analysen i planbeskrivinga. Vurdering av klimaendringar og korleis dette påverkar risiko for vêrrelaterte hendingar, slik som beskrive i VD‑rapport nr. 29, var i liten grad dokumentert for prosjekta.
Det vart avdekka eitt avvik og gjort sju observasjonar.
Vegtilsynet ga to tilrådingar.