2. oktober 2014
sak 2014-01

Implementering av vegsikkerheitsforskrifta og tunnelsikkerheitsforskrifta Statens vegvesen

Samandrag

Vegtilsynet ynskte på å føre tilsyn med i kva grad krava i vegsikkerheitsforskrifta og tunnelsikkerheitsforskrifta er implementert i Statens vegvesen sitt styringssystem og korleis dei vert følgt opp. Ein viktig del av saka vil var å få avklart korleis Statens vegvesen meiner forskriftene skal tolkast og praktiserast og om dette er tydeleggjort i styringssystemet. Avklaringar gjennom tilsynet vil kunne danne grunnlag for framtidige tilsynssaker der forskriftene er tenkt brukt som tilsynskriterium.


Vegsikkerheitsforskrifta

Tilsynet viste at det på fleire punkt er uklart korleis forskrifta skal tolkast og praktiserast, og at Statens vegvesen i varierande grad har klart å implementere forskrifta i styringssystemet. Etter Vegtilsynet sitt syn, skuldast dette i hovudsak at rundskrivet ikkje i tilstrekkeleg grad avklarar forholdet mellom forskrift og retningslinjer på eine sida og kvalitetssystemet med krav- og hjelpedokument på andre sida. Vegtilsynet vil særleg trekke fram følgande forhold som ligg til grunn for tilrådingane:

  • Omgrep er ikkje tydeleg definert i styringssystemet. Manglande definisjonar og avklaringar kan føre til ulik tolking og praktisering av krava.
  • Føringane som er gitt i rundskrivet om § 2 kan sjå ut til å legge til grunn ei for snever tolking av omgrepet «vegprosjekt».
  • Det er ikkje tilstrekkeleg tydeleggjort i styringssystemet korleis ei trafikksikkerhetsmessig konsekvensanalyse skal gjennomførast, jf. § 3.
  • Framstillinga av trafikksikkerheitsrevisjon i handbok R760 og kvalitetssystemet samsvarar ikkje fullt ut med krava i forskrifta og retningslinjene, jf. § 4.
  • Det er ikkje tilstrekkeleg tydeleggjort i styringssystemet korleis ein skal prioritere og velge ut vegstrekningar for vurdering av ei ekspertgruppe i samband med rangering av vegnettet etter § 5. Vidare framstår det som uavklart kva ei vurdering av ei ekspertgruppe er, i forhold til andre typar undersøkingar og inspeksjonar.
  • Det er ikkje tatt stilling kva som ligg i kva ein sikkerheitsinspeksjon, jf. § 6.
  • Tilsynspart har i lita grad bedt om tilbakemelding frå regionane på om forskrifta vert forstått og gjennomført. Implementeringa av forskrifta er ikkje evaluert.

 

Tunnelsikkerheitsforskrifta

Forskrifta er i all hovudsak søkt implementert gjennom Håndbok R511 Sikkerhetsforvaltning av vegtunneler. Handboka er ein «prøveversjon» frå 2006, som tilsynspart opplyser om og tilsynet har vist at inneheld feil og er utdatert. I tillegg har ein utvikla, og framleis held på å utvikle, prosessar i kvalitetssystemet. Vegtilsynet vil særleg trekke fram følgande forhold som ligg til grunn for tilrådinga:

  • Det vert brukt ulike omgrep om same forhold i styringssystemet.
  • Metoden for å gjennomføre inspeksjon etter § 9 er ikkje tydeleg beskrive i styringssystemet.
  • Rettleiaren til gjennomføring av risikoanalyse etter § 10 er ikkje ein del av handboksystemet og er ikkje vist til i kvalitetssystemet som krav- og hjelpedokument.
  • Det føreligg ikkje eit tilstrekkeleg system for å følgje opp at rapporter etter § 15 vert utarbeidd.

 

Vegtilsynet ga tre tilrådingar i saka