Tilsynsrapport sak 2016-03

Inspeksjon av bruer Statens vegvesen, Region nord


Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen, Region nord. Tilsynssaka omhandlar inspeksjon av bruer.

Tilsynssaka er gjennomført som ein revisjon.1 

Utkast til tilsynsrapport vart lagt fram for tilsynspart 14. april 2016, med frist for å gje tilbakemelding på faktafeil. Tilsynspart gav slik tilbakemelding innan fristen og dette er tatt omsyn til ved utarbeiding av endeleg tilsynsrapport.

Med bakgrunn i tilsynsfunna har Vegtilsynet gitt tre tilrådingar.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis tilrådingane vil verte handtert, saman med ein handlingsplan for gjennomføring av eventuelle tiltak


Samandrag

Statens vegvesen forvaltar meir enn 17 000 bruer, ferjekaier og andre bærande konstruksjonar på riks- og fylkesvegnettet. Av desse ligg omlag 5 000 bruer på riksveg. Statens vegvesens forvaltning av desse konstruksjonane skjer gjennom bruforvaltningssystemet «Brutus». 

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region nord har oversikt over tilstanden på bruene i regionen.

For det første ville Vegtilsynet finne ut om inspeksjon av bruer vart planlagt og utført i samsvar med krav. For det andre om resultat fra inspeksjonane vart registrert og følgt opp.

I følge krava skal det årleg anten utførast ein hovud- eller ein enkel inspeksjon. Ved ein enkel inspeksjon er føremålet å kontrollere om det er oppstått alvorlege skader som på kort sikt kan påverke mellom anna bæreevne og trafikksikkerheit. Ein hovudinspeksjon er ein visuell tilstandskontroll av heile brua som skal være grunnlag for drifts- og vedlikehaldstiltak.

Region nord har 916 bruer som fell inn under rammene for tilsynet. Tilsynet viste at ikkje var planlagt inspeksjon for 30 prosent av desse.

Når det gjaldt gjennomføring av kontrollane var det utført vesentleg færre enkel-inspeksjonar enn tal planlagde både for 2014 og 2015. Det var ein negativ trend fra 2014 til 2015 for enkel-inspeksjonar. I 2014 var 80 prosent av dei planlagde inspeksjonane gjennomført. I 2015 var 40 prosent gjennomført.

Alle planlagde hovudinspeksjonar var gjennomført i 2014, men 12 prosent av  planlagde hovudinspeksjonar var ikkje gjennomført i 2015.

Inspeksjonar som fell ut av programmet for ett år skal overførast til året etter. Vegtilsynet fann for eit utval enkel-inspeksjonar  at om lag ti prosent var overført fra 2014 til 2015. For eit utval hovudinspeksjonar var ingen overført frå 2015 til 2016. Dette betyr at omfanget av bruer som ikkje vert inspisert årleg truleg vil auke.


1. Bakgrunn


Statens vegvesen forvaltar meir enn 17 000 bruer, ferjekaier og andre bærande konstruksjonar på riks- og fylkesvegnettet. Av desse ligg omlag 5 000 bruer på riksveg.2 Av Nasjonal transportplan 2014–2023 går det fram at det «er behov for stor innsats for å utbedre tunneler og bruer».3 Vidare kan ein lese at «[r]egjeringens prioritering av vedlikehold har sammenheng med behovet for å sikre god framkommelighet og et høyt sikkerhetsnivå. De største og viktigste oppgavene vil være knyttet til tunneler, vegdekker, utskifting av vegutstyr, bruer og kaier, drenering og tunnelrensk.»4 

I Statens vegvesen sitt handlingsprogram for samme planperiode går det fram at «Statens vegvesen gjennomfører systematiske inspeksjoner av tunneler og bruer for at vedlikeholdet skal bli gjort til rett tid. Dette sikrer at skader blir oppdaget, overvåket eller rettet, slik at alvorlige hendelser ikke oppstår.»5 Vidare står det at: «Tilstandsutviklingen for bruer og ferjekaier har vært negativ over en lang periode, og det er behov for å øke innsatsen. Mange av bruene på riksvegnettet ble bygget på 1960- og 1970-tallet. Disse har nådd en levealder hvor det er behov for omfattende vedlikehold og rehabilitering for å opprettholde bæreevne og trafikksikkerhet.»6 

I tildelingsbrevet til Statens vegvesen for 2016 har Samferdsledepartementet presisert at det «er viktig å gjennomføre systematiske inspeksjoner av tunneler, bruer og ferjekaier for å kartlegge hvor mye vedlikeholdsmidler som er nødvendig for å opprettholde standarden».

Det store talet bruer og behovet for vedlikehald av desse, er bakgrunnen for at Vegtilsynet vil undersøke om inspeksjon av bruer vert gjennomført i samsvar med krav, og om resultat av inspeksjonar vert følgt opp. 

I bruforvaltningssystemet Brutus framgår følgande oversikt over tal alvorlege skadar per region.

 

2016-03 Figur1

Oversikta viser tal skader med prioritet ≥12 som gjeld bæreevne (B) og trafikksikkerheit (T), og at Region Nord har registrert fleire slike skadar enn dei andre regionane.


2. Mål og problemstillingar


Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region nord har oversikt over tilstand på bruene i regionen. 

For å undersøke dette har Vegtilsynet sett på følgande problemstillingar:


Problemstilling 1

Vert inspeksjon av bruer planlagt og utført i samsvar med krav?


Problemstilling 2

Vert resultat frå gjennomførte inspeksjonar av bruer registrert og følgt opp?


Avgrensing

Tilsynet er avgrensa til å omfatte bruer på riks- og europaveg, og inspeksjons­typane enkel inspeksjon og hovudinspeksjon.

  • enkel inspeksjon er ein årleg enkel visuell kontroll av brua der føremålet er å kontrollere om det er oppstått alvorlege skader som på kort sikt kan påverke bruas bæreevne, trafikksikkerheit, fremtidig drift og vedlikehald samt miljø/estetikk.7   
  • hovudinspeksjon er ein visuell kontroll av heile brua der føremålet er å gjere ein tilstandskontroll for å kontrollere at brua fyller sin funksjon, og for å fastslå eventuelle behov for drifts- og vedlikehaldstiltak.8   

Det skal kvart år utførast inspeksjon av alle bruer som er opne for trafikk. Kva bruer som skal inspiserast og kva type inspeksjon som skal utførast i løpet av eit kalendarår, skal framgå av bruforvaltningssystemet Brutus.  

Brutus er Statens vegvesens bruforvaltningssystem som inneheld data om byggverksinformasjon, vegreferansar, bæreevne, inspeksjon og brutilstand, planlegging av tiltak,9 sikkerhetsstyring og dokumentarkiv.


3. Gjennomføring og metode


Vegtilsynet sendte varsel om tilsyn 5. februar 2016. 

For å få oversikt over kven som har ansvar for planlegging, utføring og oppfølging av inspeksjon av bruer, og korleis dette vert gjort i Statens vegvesen, Region nord, vart det gjennomført intervju med leiar for bruseksjonen i ressursavdelinga, seksjonsleiar for byggherreseksjonen i veg- og transportavdelinga, og leiarane for drift- og vedlikeholdsseksjonen i vegavdelingane Nordland og Troms. Vegavdelingane Nordland og Troms utgjer to av fire vegavdelingar i regionen. Under intervju hadde seksjonsleiar for byggherreseksjonen i veg- og transportavdelinga og leiar for drift- og vedlikeholdsseksjonen i Troms med seg kvar sin medarbeidar. Intervju vart gjennomført  17. og 18. februar 2016.

Vegtilsynet har hatt tilgang til Brutus, Statens vegvesen sitt kvalitetssystem, Statens vegvesen sitt saksbehandlingssystem (SVEIS/MIME), internt fellesområde for lagring av filer og anna dokumentasjon. Tilsynspart har lagt alle forhold til rette for ei effektiv gjennomføring av tilsynet.


Problemstilling 1: Vert inspeksjon av bruer planlagt og utført i samsvar med krav?

For å undersøke om enkle inspeksjonar og  hovudinspeksjonar vert planlagt, er Brutus gjennomgått for å samanlikne:

  • tal bruer med byggverkskategoriane vegbru, bru i fylling og G/S bru og som har byggstatus trafikkert, med: 
  • tal planlagde og enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar 2016.

For å undersøke om enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar vart utført er Brutus gjennomgått for å samanlikne:

  • tal planlagde enkle inspeksjonar  og hovudinspeksjonar for perioden 2014-2015, med:
  • tal utførte enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar for perioden 2014-2015.

Det vart deretter undersøkt i Brutus om inspeksjonar som er planlagt, men ikkje dokumentert utført i eit år, er inkludert i planlagde inspeksjonar året etter. Dette vart gjort ved å sjå om:

  • dei enkle inspeksjonane som framleis har status som planlagt i 2014 er inkludert i planlagde inspeksjonar for 2015, og om:
  • hovudinspeksjonar som framleis står med status som planlagt i 2015 er inkludert i planlagde inspeksjonar for 2016.

Problemstilling 2: Vert resultat frå gjennomførte inspeksjonar av bruer registrert og følgt opp?

For å svare på problemstillinga har Vegtilsynet sett nærare på følgande:

  • Vert skader registrert i samsvar med krav?
  • Vert det planlagt tiltak for å handtere alvorlege skader? 
  • I kva grad vert tiltak følgt opp?
  • Sikrer regionen at bruforvaltningssystemet vert oppdatert etter gjennomførte tiltak?

For å undersøke om skader vert registrert, er inspeksjonsresultat på eit utval bruer gjennomgått for samanlikne:

  • dato for siste inspeksjon, med: 
  • sist oppdatering av inspeksjonsresultat i Brutus.

Vidare vart det undersøkt om skader er registrert med skadegrad, konsekvens og prioritet. Gjennom intervju vart det undersøkt om føringar for vurdering av prioritet er følgt. 

For å undersøke om det vert registrert tiltak for skader med høg skadegrad, er data frå Brutus gjennomgått for å samanlikne:

  • registrert skade, med:
  • tilhøyrande tiltak

Gjennom intervju vart det innhenta informasjon om korleis Region nord følger opp tiltak. For å undersøke om tiltak vert følgt opp, er dokumentasjon som syner handtering av tiltak gjennomgått for å samanlikne:

  • vedlikehaldsplanen for bruer, med:
  • bruer som har høg prioritet i Brutus.

Det var også undersøkt om skader som har høg prioritet vert overvåka ved å samanlikne:

  • bruer med høg prioriterte skader i Brutus, og som ikkje er inkludert 
  • i vedlikehaldsplanen, med:
  • planlagde inspeksjonar for 2016.

Undersøkingane i denne problemstillinga er gjort for eit utval på 24 bruer.

I tillegg vart det gjennom intervju innhenta informasjon om korleis regionen sikrer at Brutus er oppdatert etter gjennomførte tiltak. 


4. Tilsynskriterium 


Tilsynskriteria i saka baserar seg på og er utgreidd frå følgande prosessar og kravdokument:

  • Håndbok R411 Bruforvaltning, datert 1997 (heretter kalla Handbok R411)10
  • Håndbok V440 Bruregistrering, datert 2009 (heretter kalla Handbok V440)
  • Prosessen, «Gjennomføre inspeksjoner av bruer og andre bærende konstruksjoner» i Kvalitetssystemet (heretter kalla prosessen)

Relevante utdrag frå kravdokumenta går fram av vedlegg 1. 

Tilsynskriteria for kvar problemstilling er presentert under. 


Problemstilling 1: Vert inspeksjon av bruer planlagt og utført i samsvar med krav?

Det skal utførast enkel inspeksjon og/eller hovudinspeksjon på kvar bru kvart år. Enkle inspeksjonar skal planleggast slik at dei vert utført kvart år, men den enkle inspeksjonen kan utgå det året det blir utført hovudinspeksjon.11 Hovudinspeksjonar skal planleggast slik at dei vert utført med intervall på fem år.12 

Dato for inspeksjon for første enkle inspeksjon, eitt år fram i tid, og første hovudinspeksjon, fem år fram tid, vert sett automatisk når brua vert registrert som «traffikert» i Brutus.  Dato for påfølgande enkle inspeksjon og hovudinspeksjon vert sett når den planlagde inspeksjonen er utført.

Brutus skal benyttes til planlegging av inspeksjonar.13 

Enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar skal vere utført innan utgangen av året.14  

Brutus skal brukast til planlegging av oppgåver innan forvaltning og drift av bruer og til oppfølging av desse oppgåvene. Dette omfattar mellom anna at utførte enkle inspeksjonar og hovudinspeksjonar skal registrerast i Brutus.15   


Problemstilling 2: Vert resultat frå inspeksjonar registrert og følgt opp i samsvar med krav

Brutus skal brukast til planlegging av oppgåver innen vedlikehald av bruer og til oppfølging desse oppgåvene. Dette omfattar mellom anna at resultat frå vedlikehold skal registrerast i Brutus.16 

Dersom det ikkje vert tildelt midler til å utføre tiltak på dei enkelte bruene, skal det gjerast ei prioritering mellom dei ut frå ei vurdering av kva tiltak som kan utsettast med minst teknisk/økonomiske konsekvensar.17


5. Innhenta data


Problemstilling 1: Vert inspeksjon av bruer planlagt og utført i samsvar med krav?

I Region nord er det per februar 2016 registrert 916 bruer i Brutus for det utvalget som framgår i kapittel 3, medan det er registrert 669 planlagde inspeksjonar for 2016. 

2016-03 Tabell 1
Tabell 1: Tal bruer i Region nord med byggstatus trafikkert fordelt etter byggverkskategori. Tal per februar 2016.

 

2016-03 Tabell 2
Tabell 2: Samanlikning av tal registrerte bruer og planlagde inspeksjonar.

Vegtilsynet undersøkte i kva grad planlagde inspeksjonar vart gjennomført. Innhenta data syner at det er en negativ trend frå 2014 til 2015 når det gjeld gjennomføring av planlagde inspeksjonar. I 2014 vart 80 prosent av dei planlagde enkel-inspeksjonane utført, medan talet for 2015 var 40 prosent. 

I 2014 vart planlagde hovudinspeksjonar gjennomført i samsvar med plan, medan 12 prosent av planlagde hovudinspeksjonar ikkje vart utført i 2015. 

Vidare vart det undersøkt om inspeksjonar som ikkje vert utført i eit kalenderår, vert inkludert i inspeksjonsprogrammet for det neste kalenderåret. Brutus sitt inspeksjonsregime er lagt opp slik at inspektøren/ansvarleg for inspeksjon må sette ny dato for inspeksjonar som ikkje er utført i aktuelt kalenderår. 

For eit tilfeldig utval på 35 av dei 94* bruene som framleis har status planlagt enkel inspeksjon for 2014, vart det undersøkt om desse var tatt inn i inspeksjonsprogrammet for 2015. Undersøkinga viste at 31 av desse ikkje var med i planlagde inspeksjonar for 2015. Oversikt over kva bruer dette gjeld framgår av vedlegg 2. 

Det vart undersøkt om dei 25**  bruene som framleis har status som planlagt hovudinspeksjon for 2015 er planlagd inspeksjon for i 2016. Undersøkinga viste at ingen av desse heller er med som planlagde hovudinspeksjonar for 2016. Oversikt over kva bruer dette gjeld framgår av vedlegg 3.

2016-03 Tabell 3
Tabell 3: Samanlikning av tal planlagde og utførte inspeksjonar.



Problemstilling 2: Vert resultat frå gjennomførte inspeksjonar registrert og følgt opp


Registrering av skader

Vegtilsynet undersøkte om inspeksjonsresultat vert registrert etter gjennomført inspeksjon. 

Etter oppdatering av bruforvaltningssystemet i 2013 (Brutus 4) skal alle skadar registrerast med prioritet,18 som beskriv kor kritisk skaden er (skala 1–16).

Gjennomgang av registreringer for 24 utvalgte bruer viste at skade vert registrert etter gjennomført inspeksjon. 

2016-03 Tabell 4
Tabell 4: Registrering av skader på 24 utvalgte bruer i Region nord

 

I tilsendt dokumentasjon opplyste regionen at det over tid er lagt til grunn ei tolkning av konsekvensgrad som ikkje har vore godt nok vurdert. Dette har medført at det systematisk er gjort feilregisteringar i Brutus.  Under intervju vart det opplyst at dette gjeld fleire av dei registrerte 12- og 16-skadane. Det kom også fram at det vert gjort nye vurderingar for skadar som er registrert med høg konsekvensgrad i samband med utarbeiding av regional vedlikehaldsplan.  Tilsynspart opplyste at endring av prioritet ikkje konsekvent vert oppdatert i Brutus. 


Registering av tiltak

Gjennomgangen viste at det er registrert tiltak knytt til dei undersøkte bruene det var registrert alvorleg skade på.  Vidare viste undersøkinga at det ikkje er eintydig samanheng mellom kva tiltak som skal lukke dei mest alvorlege skadene.

2016-03 Tabell 5
Tabell 5: Registrert skade med prioritet 12 og 16, og planlagde tiltak på Alta Bru


Oppfølging av tiltak

Av totalt 916 bruer, er det 79 bruer som har skader med prioritet 12 eller 16. Desse bruene har 85 opne 12-skader, og 48 opne 16-skader. Vidare er det 224 tiltak som er planlagt utført på dei 79 bruene. 

2016-03 Tabell 6
Tabell 6: Tal opne skader og ikkje utførte tiltak for bruer

 

Det vart opplyst at resultat frå inspeksjonar i form av registrerte skadar i hovudsak vert følgt opp gjennom regional vedlikehaldsplan som blir utarbeida av veg- og transportavdelinga ved byggherreseksjonen i samarbeid med vegavdelingane, og at skadar som gjeld bæreevne har vorte prioritert. Planen er basert på ein kombinasjon av datauttrekk i Brutus og lokalkunnskap. For tiltak som ikkje vert prioritert i vedlikehaldsplanen, skal årlege inspeksjonar sikre at skadene vert overvåka.  

Vegtilsynet undersøkte i kva grad bruer som hadde skadar med høg prioritet var inkludert i regionens vedlikehaldsplan for 2016. Dokumentgjennomgangen av 24 utvalte bruer som hadde skader med høg prioritet, jamfør tabell 4, viste at ni av desse bruene var inkludert i regionens vedlikeholdsplan for bruer.  

For 12 av dei resterande 15 bruene var det planlagt inspeksjon i 2016. Det inneber at det ikkje er planlagt tiltak eller overvaking av tre av dei 24 utvalte bruene. 


Registering av gjennomførte tiltak 

Etter at ein skade er utbetra, skal den aktuelle vegavdeling oppdatere Brutus.

Det vart opplyst i intervju at det er den aktuelle vegavdeling sitt ansvar å gjere oppdateringa, og viste til matrise, jamfør vedlegg 4.  

Regionen fortalte vidare at ei slik oppdatering ikkje vert gjort konsekvent, og at regionen her har eit klart forbetringsområde.  
 

6. Funn


Funn 1 – avvik 

Det vert ikkje planlagt årleg enkel inspeksjon eller hovudinspeksjon av alle bruer i Region nord.


Tilsynskriterium

Det skal utførast enkel inspeksjon og/eller hovudinspeksjon på kvar bru kvart år. Enkel-inspeksjonar skal planleggast slik at dei vert utført kvart år, men kan utgå det året det blir utført hovudinspeksjon. Hovudinspeksjonar skal planleggast slik at dei vert utført med intervall på fem år. 

Dato for inspeksjon for første enkel-inspeksjon, eitt år fram i tid, og første hovudinspeksjon, fem år fram tid, vert sett automatisk når brua vert registrert som «traffikert» i Brutus.  Dato for påfølgande enkel inspeksjon og hovudinspeksjon vert sett når den planlagde inspeksjonen er utført.

Brutus skal brukast til planlegging av inspeksjonar. 


Tilsynsbevis

Innhenta data viser at det i 2016, innanfor det utvalet som er gjort, er registrert 916 bruer, sjå tabell 1 kapittel 5. Det er for 2016 planlagt 669 inspeksjonar, noko som betyr at det er planlagt 247 færre inspeksjonar enn tal registrerte bruer, sjå tabell 2 kaptittel 5.   

Inspeksjonar som er planlagt, men ikkje dokumentert utført i eit år, er i svært liten grad inkludert i tal planlagde inspeksjonar året etter.  I utvalet som er undersøkt gjeld dette for 31 av 35 enkel-inspeksjonar, og for 25 av 25 hovudinspeksjonar, sjå vedlegg 2 og 3.


Funn 2 – avvik
 

Det vert ikkje utført årleg inspeksjon av alle bruer i Region nord.


Tilsynskriterium

Enkel-inspeksjonar og hovudinspeksjonar skal vere utført innan utgangen av året.19 

Brutus skal brukast til planlegging av oppgåver innan forvaltning og drift av bruer og til oppfølging av disse oppgåvene. Dette omfattar mellom anna at utførte enkel-inspeksjonar og hovudinspeksjonar skal registrerast i Brutus.20  


Tilsynsbevis

Innhenta data viser at det for 2014 er utført 94 enkel-inspeksjonar og to hovudinspeksjonar færre enn tal planlagde. For 2015 er det utført 309 enkel-inspeksjonar og 25 hovudinspeksjonar færre enn tal planlagde, sjå tabell 3 kapittel 5.


Funn 3 – observasjon

Region nord har registert skader med feil konsekvensgrad i bruforvaltningssystemet Brutus.


Grunngiving

Ansvarlege for registrering av skader og ansvarlege for utarbeiding av regional vedlikehaldsplan vurderer konsekvensgrad ulikt. Ved utarbeiding av regional vedlikehaldsplan vert det gjort ny vurdering av konsekvensgrad, utan at dette alltid vert  oppdatert  i bruforvaltningssystemet Brutus. 


Funn 4 – avvik

Bruforvaltningssystemet Brutus vert ikkje systematisk oppdatert etter at tiltak er utført.


Tilsynskriterium

Brutus skal brukast til planlegging av oppgåver innen vedlikehald av bruer og til oppfølging av desse oppgåvene. Dette omfattar mellom anna at resultat frå vedlikehold skal registrerast i Brutus.


Tilsynsbevis

Regionen har opplyst i intervju at oppdatering av bruforvaltningssystemet Brutus etter utført tiltak ikkje vert gjort konsekvent.


7. Vurderingar


For få planlagde og for få utførte inspeksjonar

Tilsynet har vist at det ikkje er planlagt inspeksjon for om lag 30 prosent av bruene i Region nord i 2016. I tillegg er det, særleg for enkel-inspeksjonar, registrert vesentleg færre utførte inspeksjonar enn tal planlagde både i 2014 og 2015. 

Tilsynet har også vist at dei fleste bruene som ikkje vert inspisert etter den årlege planen ikkje vert overført til året etter, slik det er krav om.

Vegtilsynet vurderar på bakgrunn av dette at Region nord ikkje godt nok har sikra at skadar vert oppdaga, overvaka, og retta til rett tid, for å unngå at alvorlege hendingar oppstår.

 

Manglande ajourhald av bruforvaltningssystemet 

Tilsynet har vist at skadar vert registrert i bruforvaltningssystemet, men at vurdering av konsekvensgrad har vore gjort ulikt av dei som registrerar skadar eller skadeutvikling etter inspeksjonar. 

Skadar som er registrert vert i stor grad følgt opp gjennom regional vedlikehaldsplan eller overvåka gjennom årlege inspeksjonar, men skadar som er utbetra vert ikkje konsekvent oppdatert i bruforvaltningssystemet.  

Vetilsynet meinar at manglande ajourhald av bruforvaltningssystemet medfører feil styringsinformasjon om tilstanden på bruer i regionen, og at bruforvaltningssytemet difor har redusert verdi som beslutningsverktøy når ein blant anna skal kartlegge kor mykje vedlikehaldmidlar som er nødvendig for å oppretthalde standarden på bruer.


8. Tilrådingar


Tilråding 2016-03 nr. 1

Tilsynet har vist at det ikkje vert planlagt årleg inspeksjon for alle bruer, sjå funn 1.

Vegtilsynet tilrår at Statens vegvesen, Region nord, gjennomfører tiltak for å 
sikre at alle bruer vert planlagt inspisert årleg. 

 

Tilråding 2016-03 nr. 2

Tilsynet har vist at det ikkje vert utført inspeksjon av alle bruer i samsvar med plan, sjå funn 2.

Vegtilsynet tilrår at Statens vegvesen, Region nord, gjennomfører tiltak for å 
sikre at det vert utført inspeksjon av alle bruer i samsvar med plan.


Tilråding 2016-03 nr. 3

Tilsynet har vist feilregistrering og manglande oppdatering av bruforvaltningssystemet Brutus, sjå funn 3 og 4.

Vegtilsynet tilrår at Statens vegvesen, Region nord, gjennomfører tiltak for å 
sikre at registreringane i bruforvaltningssystemet Brutus er oppdatert. 



Vedlegg 1: Relevante utdrag frå kravdokument

Håndbok R411 Bruforvaltning

A-7.3 Øvrige forvaltningsoppgaver

Fagansvar for IT-systemer for bruer i driftsfasen

Bruvedlikeholdsansvarlig har det faglige ansvaret for innlegging og ajourhold av data i IT-systemer for bruer i driftsfasen. Dette gjelder både riks- og fylkesvegbruer.

A-6.3 Prioriteringer

[…]
Dersom det ikke tildeles midler til å utføre den optimale strategien på de enkelte bruene, skal det foretas en prioritering mellom dem ut fra en vurdering av hvilke tiltak som kan utsettes med minst mulig teknisk/økonomiske konsekvenser. Det kan også være aktuelt å endre strategi.

A-10 IT-systemer

Brutus skal benyttes til planlegging av oppgaver innen forvaltning, drift og vedlikehold av bruer og oppfølging av disse oppgavene. Bruvedlikeholdsansvarlig er ansvarlig for innlegging av resultater fra utførte inspeksjoner og vedlikehold. 

B-2.1.1 Inspeksjonsplan

For hver bru skal det lages en inspeksjonsplan med bakgrunn i de reglene som er gitt i denne håndboken. […]

B-2.1.3 Gjennomføring av inspeksjoner

Inspeksjoner, oppmålinger og materialundersøkelser som inngår i det endelige inspeksjonsprogrammet skal senest være gjennomført innen utgangen av det aktuelle året.   

B-2.1.4 Registrering av inspeksjonsresultater

Det skal foretas en systematisk registrering av skader som oppdages og oppmålinger og materialundersøkelser som utføres. Registreringene skal gjøres i Brutus. 

B-2.2 Inspeksjonstyper

Etter at overlevering av bruene er gjennomført skal det utføres rutinemessige inspeksjoner på bruene resten av levetiden. I dette inngår følgende inspeksjonstyper avhengig av brutype og fundamentering:

  • Enkel inspeksjon
  • Hovedinspeksjon
  • Hovedinspeksjon kabler
  • Hovedinspeksjon under vann

B-2.2.3 Enkel inspeksjon, Intervaller

Det generelle kravet er at enkel inspeksjon skal utføres hvert år, og første gangs inspeksjon av denne type utføres året etter overlevering. 

Enkel inspeksjon kan sløyfes det året hovedinspeksjon utføres.

B-2.2.4 Hovedinspeksjon, Intervaller

Det generelle kravaet er at hovedinspeksjon skal utføres hvert 5. år for bruer og hvert 3. år for ferjekaier og bevegelige bruer.[…]


Håndbok V440 Bruregistrering

6.2 Brustatus

Brustatus angir i hvilken fase/ stadium byggverket er i sitt livsløp: planlagt, nybygd, trafikkert, nedlagt/sperret eller revet. […]

3. Trafikkert

Med status «traffikert» menes at byggverket er ferdigstilt og overlevert, og den pavirker ferdselen enten ved at: 

  • brua er åpen for alminnelig biltrafikk, g/s-trafikk eller annen trafikk som tog etc.
  • brua går over trafikkert veg, dvs. at trafikken under brua kan pavirkes av høyde­begrensninger.
     


​​​​​​​Vedlegg 2: Planlagde enkelinspeksjonar i 2014 samanlikna med inspeksjonsprogrammet for 2015

2016-03 tabell 7


Vedlegg 3: Planlagde hovudinspeksjonar i 2015 samanlikna med inspeksjonsprogrammet for 2016

2016-03 tabell 8


Vedlegg 4: Ansvarsmatrise Region nord
 

2016-03 tabell 9

 


Last ned tilsynsrapporten som PDF