Tilsynsrapport sak 2019-14

Inspeksjon av rekkverk Statens vegvesen, vegavdeling Hedmark


1. Om tilsynet

Vegtilsynet har gjennomført tilsyn med Statens vegvesen si etterleving av krav til drift og vedlikehald av rekkverk. Tilsynet var gjennomført i Region øst, vegavdeling Hedmark. 

Inspeksjonen hadde fokus på følgjande:  

  • vedlikehald
  • montering
  • overgangar
  • avslutningar

Det vart gjennomført sluttmøte med byggherre 08.04.19 for å undersøkje nærare korleis trafikkfarlege forhold ved rekkverk vert identifisert og handtert. I sluttmøtet vart Vegtilsynet sine registreringar frå inspeksjonen lagt fram.


2. Bakgrunn

Vegtilsynet skal føre risikobasert tilsyn med at Statens vegvesen og Nye Veier AS har tilstrekkelege og effektive styringssystem som sikrar at krav til trafikktryggleik vert følgt.  Å vere risikobasert inneber å prioritere tilsynsaktiviteten mot dei områda der risikoen for alvorlege trafikkulykker på vegen er størst. At tilsynet ser på styringssystemet betyr at det rettast mot relevante delar av selskapa sine styringssystem i form av revisjonar og verifikasjonar.

Vegtilsynet utarbeider kvart år eit tilsynsprogram, der vi avgjer kva tema og tilsynssaker vi skal jobbe med i programåret. Rekkverk og sideterreng er viktig for å ivareta tryggleiken til trafikantane, og vil ha stor verknad på skadeomfanget når ulykka først inntreff. Rekkverk og sideterreng er derfor eitt av tre hovudtema for tilsynsprogrammet i 2019.

I 2017 og 2018 gjorde vi fleire funn knytt til rekkverk, der spesielt manglande boltar var eit gjennomgåande problem. Dette går fram av tilsynssak 2018-19 mot Vegdirektoratet. 

For å følgje opp sak 2018-19 vil Vegtilsynet gjennomføre enkelte inspeksjonar av rekkverk på riksvegane. I Region øst, som har flest utforkøyringsulykker, vil det verte gjennomført to inspeksjonar.

Inspeksjonen i denne saka vart gjennomført på Rv.2 den 19.03.19 i tidsrommet 09:00- 15:30. Det var fint opphaldsvêr og noko snø på bakken. Grunna mykje trafikk  konsentrerte inspeksjonen seg om eit område rundt Brandval (sjå vedlegg 1).


3. Mål 

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, vegavdeling Hedmark, sikrar at eksisterande rekkverk på riksveg ivaretek tryggleiken til trafikantane. 


4. Tilsynsresultat

Tilsynskriterium: Rekkverk på Rv. 2 i vegavdeling Hedmark skal vere i samsvar med eksterne krav til:

  • vedlikehald
  • montering
  • overgangar
  • avslutningar

Lover og reglar gitt med heimel i lov, som har effekt på tryggleiken knytt til riksvegane, utgjer minimumskrav til tryggleik. Handbok N101 Rekkverk og vegens sideområder har som føremål å ivareta tryggleiken til blant andre trafikantane.1 Vegtilsynet har valt å undersøke etterlevinga av utvalde deler av denne handboka. 


Tilsynsbevis 1

Skada rekkverk som vil kunne representere ein trafikkfare skal reparerast snarast mogleg, jf. Handbok N101 kap. 3.2.7. Vegtilsynet gjorde ei registrering der rekkverk ikkje var reparert i tråd med krav:

Tabell 1: Funn etter inspeksjon

Beskrivelse     Kommentar     Plassering
Knekt rekkverksstolpe 1 knekt stolpe, 80- sone RV 2 6\7,805 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solørveg

Tilsynsbevis 2 

Rekkverket skal alltid monterast i henhold til leverandørens monteringsbeskriving, jf. Handbok N 101 kap. 3.3.2. Vegtilsynet gjorde 16 registreringar der rekkverk var i strid med kravet:

Tabell 2: Funn etter inspeksjon

Beskrivelse     Kommentar     Plassering
Manglande boltar Manglar 4 boltar, 80 sone, overgang til bru RV 2 6\7,845 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solørveg
Manglande boltar Manglar 2 boltar, 6 boltar er laus, overgang til bru RV 2 6\7,809 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solørveg
Manglande boltar Manglar 4 boltar, 80 sone, overgang til bru RV 2 6\7,827 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solørveg
Manglande boltar Manglar 4 av 8 boltar, ein heilt laus, roten stolpe RV 2 6\7,781 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solørveg
Lause boltar Lause boltar RV 2 6\7,897 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solørveg
Manglande boltar Manglar boltar i rekkverket i over-gang veg bru RV 2 6\7,819 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solørveg
Manglande boltar Manglar 4 boltar, 80 sone, start på brurekkverk RV 2 76\32,079 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solørveg
Manglande boltar Manglar 4 boltar, 80 sone, enden av brurekkverk GV 370 1\7,457 402-Hedmark\Kongsvinger  
Manglande boltar Manglar 4 boltar, 80 sone, enden av brurekkverk GV 370 1\7,457 402-Hedmark\Kongsvinger  
Manglande boltar Manglar 4 boltar, 80 sone, rett etter bru GV 370 1\7,461 402-Hedmark\Kongsvinger  
Manglande boltar Manglande bolt i nedføring RV 2 6\7,970 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solørveg
Manglande boltar Rekkverket er forsterka med ekstra skinne, i denne er det berre 4 bolte-hol RV 2 8\9,441 423-Hedmark\Grue Solør-vegen
Manglande boltar Manglar 1 bolt, 80 sone RV 2 6\7,914 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solørveg
Manglande boltar Manglar 4 boltar, 80 sone, enden av bru rekkverk RV 2 6\7,948 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solørveg
Manglande boltar Manglande boltar, fleire lause boltar på rekkverket på brua RV 2 6\7,924 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solørveg
Feilmontert rekkverk Rekkverk montert mot køyreretning RV 2 806\0,236 402-Hedmark\Kongsvinger  

 

2019-14 bilde 1
Bilete 1: Manglande boltar, ved bru
2019-14 bilde2
Bilete 2: Manglande boltar i overgang til bru


Tilsynsbevis 3

Rekkverket skal alltid starte og avsluttast slik at det ikkje utgjer ein risiko for personskadar, jf. Handbok N 101 kap. 3.3.2. Vegtilsynet gjorde to registreringar der rekkverk var avslutta i strid med kravet:

Tabell 3: Funn etter inspeksjon

Beskrivelse     Kommentar     Plassering
Trafikkfarleg 
rekkverksende
Skinna er lagt ned  RV 2 76\32,077 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solør-veg
Trafikkfarleg 
rekkverksende
80-sone, sjå bilete under RV 2 6\7,914 402-Hedmark\Kongsvinger Østre Solør-veg

Vegtilsynet gjer merksam på at endeavslutningane er vurdert mot dagens krav til endeavslutning, ikkje mot andre krav som eventuelt gjaldt på byggetidspunktet. 

Desse registreringane vert derfor ikkje kategorisert som brot på dagens krav, men ut frå eit trafikktryggleiksperspektiv vel Vegtilsynet å ta dei med som forbetringspunkt i rapporten. 

2019-14 Bilde 3
Bilete 3: Trafikkfarleg endeavslutning i 80-sone


Avslutningsmøte 8. april 2019 

Vegtilsynet presenterte registreringane frå inspeksjonen i avslutningsmøte med byggjeleiar og kontrollingeniør på den aktuelle driftskontrakten 08.04.19. Dei opplyste at dei ikkje var kjend med dei aktuelle registreringane, og at inspeksjonane som vert gjennomført av driftskontrakta heller ikkje ville fange opp denne type registreringar. Dei tok atterhald om at dei berre uttalde seg om registreringane som var på veg. Mange av registreringane var på bru, som ligg under bruavdelinga i vegavdelinga. 


Vurdering

Vegtilsynet har kategorisert 17 registreringar som brot på krav i Handbok N101 på eit avgrensa område av Rv. 2 i vegavdeling Hedmark, og to registreringar som forbetringspunkt. Registreringane var ikkje fanga opp av Statens vegvesen, og 16 av registreringane var manglande boltar, som vegavdelinga opplyser at dei ikkje har inspeksjonsrutinar for. 

Manglande inspeksjonsrutinar for boltar er allereie påvist som ein systematisk svikt i Statens vegvesen, i pågåande tilsynssak 2018-19. Vegtilsynet hadde møte med Vegdirektoratet 11.04.19, og dei jobbar med tiltak både for å inspisere og utbetre rekkverka på riks- og fylkesvegnettet på kort sikt, samt systemtiltak for å sikre at avvika ikkje gjentek seg. 

Vegtilsynet set derfor ikkje eit nytt avvik på Statens vegvesen, men rår vegavdeling Hedmark til å gjere ei sjølvstendig vurdering av kor kritisk registreringane er for trafikktryggleiken, og minimum følgjer opp tiltaka som kjem frå Vegdirektoratet. 


5. Konklusjon

Vegtilsynet har registrert 17 brot på handbok N101, og to forbetringspunkt. 

Manglande inspeksjonsrutinar for boltar er allereie påvist som ein systematisk svikt i Statens vegvesen i pågåande tilsynssak 2018-19. Vegtilsynet set derfor ikkje eit nytt avvik i denne saka. 



Vedlegg 1 Oversikt over funn

Figuren under viser alle 19 funn ved Brandval langs Rv2

2019-04 kart