Tilsynsrapport sak 2019-16

Inspeksjon av rekkverk Statens vegvesen, vegavdeling Telemark


1. Om tilsynet

Vegtilsynet har gjennomført tilsyn med Statens vegvesen si etterleving av krav til drift og vedlikehald av rekkverk. Tilsynet vart gjennomført i Region sør, vegavdeling Telemark. 

Inspeksjonen hadde fokus på følgande:  

  • vedlikehald
  • montering
  • overgangar
  • avslutningar

Det vart gjennomført sluttmøte med byggherre 26.04.19 for å undersøkje nærare korleis trafikkfarlege forhold ved rekkverk vert identifisert og handtert. I sluttmøtet vart Vegtilsynet sine registreringar frå inspeksjonen lagt fram.


2. Bakgrunn

Vegtilsynet skal føre risikobasert tilsyn med at Statens vegvesen og Nye Veier AS har tilstrekkelege og effektive styringssystem som sikrar at krav til trafikktryggleik blir følgt.  Å vere risikobasert inneber å prioritere tilsynsaktiviteten mot dei områda der risikoen for alvorlege trafikkulykker på vegen er størst. At tilsynet ser på styringssystemet betyr at det rettast mot relevante delar av selskapa sine styringssystem i form av revisjonar og verifikasjonar.

Vegtilsynet utarbeider kvart år eit tilsynsprogram, der vi avgjer kva tema og tilsynssaker vi skal jobbe med i programåret. Rekkverk og sideterreng er viktig for å ivareta tryggleiken til trafikantane, og vil ha stor verknad på skadeomfanget når ulykka først inntreff. Rekkverk og sideterreng er derfor eitt av tre hovudtema for tilsynsprogrammet i 2019.

I 2017 og 2018 gjorde vi fleire funn knytt til rekkverk, der spesielt manglande boltar var eit gjennomgåande problem. Dette går fram av tilsynssak 2018-19 mot Vegdirektoratet. 

For å følge opp sak 2018-19 vil Vegtilsynet gjennomføre enkelte inspeksjonar av rekkverk på riksvegane. I Region sør vil det bli gjennomført ein inspeksjon.

Inspeksjonen i denne saka vart gjennomført på Ev 134, Rv 9 og Rv 41 på dagtid den 10. og 11.04.19. Det var fint opphaldsvêr og minimalt med snø på bakken. Kart over inspeksjonen ligg som vedlegg 1.  


3. Mål 

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, vegavdeling Telemark, sikrar at eksisterande rekkverk på riksveg ivaretek tryggleiken til trafikantane.


4. Tilsynsresultat

Tilsynskriterium: Rekkverk på Ev 134, Rv 9 og Rv 41 innanfor driftskontrakt 0801 Vest Telemark i vegavdeling Telemark skal vere i samsvar med eksterne krav til:

•    vedlikehald
•    montering
•    overgangar
•    avslutningar

Lover og reglar gitt med heimel i lov, som har effekt på tryggleiken knytt til riksvegane, utgjer minimumskrav til tryggleik. Handbok N101 Rekkverk og vegens sideområder har som føremål å ivareta tryggleiken til blant andre trafikantane.1 Vegtilsynet har valt å undersøke etterlevinga av utvalde deler av denne handboka. 


Tilsynsbevis 1

Skada rekkverk som vil kunne representere ein trafikkfare, skal reparerast snarast mogleg, jf. Handbok N101 kap. 3.2.7. Vegtilsynet gjorde 28 registreringar der rekkverk ikkje var reparert i samsvar med krav:

Tabell 1: Funn etter inspeksjon
 

Beskrivelse Kommentar Plassering
Manglande stolpe   EV 134 17\11,838 834-Telemark\Vinje Vinjevegen
Manglande stolpe I overgang til bru RV 41 5\6,112 829-Telemark\Kviteseid Kviteseidvegen
Manglar rekkverksstolper Gjeld begge sider av vegen, i overgang til bru EV 134 14\1,400 829-Telemark\Kviteseid Brunkebergvegen
Skadd rekkverk Knekt/manglande stolpe EV 134 19\11,432 834-Telemark\Vinje Haukelivegen
Skadd rekkverk Ca. 10 meter langt rekkverk EV 134 17\5,795 834-Telemark\Vinje Vinjevegen
Skadd rekkverk, betong I sving RV 41 5\3,909 829-Telemark\Kviteseid
Skadd rekkverk, knekte stolper Gjeld fleire stolpar, i hårnålssving RV 9 1\13,629 834-Telemark\Vinje Bykleheivegen
Skadd rekkverk, knekt stolpe I tunnelmunning EV 134 1\4,148 1228-Hordaland\Odda 
Skadd rekkverk, knekt stolpe 1 stolpe Manglar koordinat
Skadd rekkverk, knekt stolpe 1 stolpe RV 41 6\0,075 829-Telemark\Kviteseid
Skadd rekkverk, knekt stolpe   RV 41 6\0,053 829-Telemark\Kviteseid Kviteseidvegen
Skadd rekkverk, knekt stolpe Gjeld 2 stolpar KV 1041 1\0,127 829-Telemark\Kviteseid Spjotsoddvegen
Skadd rekkverk, knekt stolpe 1 stolpe RV 41 3\14,077 830-Telemark\Nissedal Nissedalsvegen
Skadd rekkverk, knekt stolpe 1 stolpe RV 41 5\3,277 829-Telemark\Kviteseid Kviteseidvegen
Skadd rekkverk, knekt stolpe 1 stolpe RV 41 6\5,189 829-Telemark\Kviteseid Kviteseidvegen
Skadd rekkverk, knekt stolpe   EV 134 17\10,968 834-Telemark\Vinje Vinjevegen
Skadd rekkverk, manglande stolpe Ved rekkverksavslutning EV 134 15\9,638 833-Telemark\Tokke Høydalsmovegen
Manglande innfesting 1 stolpe ved nedføring RV 41 1\5,135 830-Telemark\Nissedal Høgfoss
Manglande innfesting 1 stolpe RV 41 3\2,002 830-Telemark\Nissedal Treungvegen
Manglande innfesting 1 stolpe RV 41 4\0,399 829-Telemark\Kviteseid Kviteseidvegen
Manglande innfesting Tunnelmunning EV 134 1\4,156 1228-Hordaland\Odda 
Manglande innfesting Gjeld 2 stolpar EV 134 2\7,409 1228-Hordaland\Odda 
Manglande innfesting Gjeld 9 stolpar EV 134 2\7,341 1228-Hordaland\Odda 
Manglande innfesting   EV 134 601\0,001 1228-Hordaland\Odda 
Manglande innfesting Innfesting i fjell EV 134 15\10,053 833-Telemark\Tokke Høydalsmovegen
Manglande innfesting Innfesting mot fjell RV 41 5\5,565 829-Telemark\Kviteseid Kviteseidvegen
Manglande innfesting Gjeld to stader RV 41 5\5,808 829-Telemark\Kviteseid Kviteseidvegen
Manglande innfesting Manglande innfesting mellom stolpe og skinne, gjeld 3 stolpar EV 134 13\1,662 829-Telemark\Kviteseid Brunkebergvegen
2019-16 Bilde 1
Bilete 1: Fleire rekkverksstolpar som ikkje er innfesta, truleg brøyteskade

 

Tilsynsbevis 2

Rekkverket skal alltid monterast i samsvar med leverandørens monteringsbeskriving, jf. Handbok N 101 kap. 3.3.2. Vegtilsynet gjorde 84 registreringar der rekkverk ikkje var i samsvar med krav:

Tabell 2: Funn etter inspeksjon

Beskrivelse Kommentar Plassering

Manglande boltar

Sjå vedlegg 2. Ligger i PDF-versjonen av tilsynsrapporten. Last ned under

Sjå vedlegg 2 for plassering

2019-16 Bilde 2
Bilete 2: Eksempel på rekkverk med manglande boltar
2019-16 Bilde 3
Bilete 3: Manglande boltar i overgang til bru


Tilsynsbevis 3

Rekkverket skal alltid starte og avsluttast slik at det ikkje utgjer ein risiko for personskadar, jf. Handbok N 101 kap. 3.3.2. Vegtilsynet gjorde 7 registreringar der rekkverk ikkje var i samsvar med krava:

Tabell 3: Registreringar frå inspeksjon

Beskrivelse Kommentar Plassering

Trafikkfarleg rekkverksavslutning

Knekt stolpe, manglande boltar

EV 134 20\6,597 834-Telemark\Vinje Haukelivegen

Trafikkfarleg rekkverksavslutning

Brøyteskade, påkøyrd

EV 134 20\2,873 834-Telemark\Vinje Haukelivegen

Trafikkfarleg rekkverksavslutning

Brøyteskade, påkøyrd

EV 134 19\9,117 834-Telemark\Vinje Haukelivegen

Trafikkfarleg rekkverksende

 

RV 41 3\2,010 830-Telemark\Nissedal Treungvegen

Trafikkfarleg innfesting av rekkverksende

I overgang til betongrekkverk

EV 134 14\5,248 833-Telemark\Tokke Høydalsmovegen

Trafikkfarleg rekkverksovergang

Overgang til bru

EV 134 18\25,899 834-Telemark\Vinje Haukelivegen

Trafikkfarleg rekkverksovergang

2 stk

RV 41 3\12,579 830-Telemark\Nissedal Nissedalsvegen

Vegtilsynet gjer merksam på at endeavslutningane er vurdert mot dagens krav til endeavslutning, ikkje mot andre krav som eventuelt gjaldt på byggetidspunktet.

Desse registreringane vert derfor ikkje kategorisert som brot på dagens krav. Ut frå eit trafikktryggleiksperspektiv vel Vegtilsynet å ta dei med som forbetringspunkt i rapporten. 

2019-16 Bilde 4
Bilete 4: Trafikkfarleg endeavslutning i 80-sone, manglande boltar og skadd stolpe

 

Avslutningsmøte 26. april 2019

Vegtilsynet presenterte registreringane frå inspeksjonen i avslutningsmøte med byggjeleiar for vedlikehald på den aktuelle driftskontrakten den 26.04.19. Han opplyste at dei ikkje var kjend med alle dei aktuelle registreringane. Kontrakten er på 89 mil veg, og spesielt på høgfjellet skjer inspeksjon og utbetring om våren. Kva gjeld avklipte rekkverksstolpar, kan dette skuldast snøfresen, og dette oppdagar ein ikkje/får ikkje utbetra før snøen er borte.

Kva gjeld boltar er ikkje dagens inspeksjonar så detaljert at dei fangar dette opp. Byggeleiar har ein teori om at dei manglande boltane kan skyldast at ein tidlegare nytta gamle rekkverksskinnar om igjen ved montering og utbetring av rekkverk. Desse passa ikkje alltid saman godt nok til at ein fekk i alle boltane. Denne praksisen er dei gått bort frå, og dei nyttar no berre nye skinnar.

 

Vurdering

Vegtilsynet har kategorisert 112 registreringar som «ikkje i samsvar» med krav i Handbok N101 innanfor driftskontrakt 0801 Vest Telemark i vegavdeling Telemark, og 7 registreringar som forbetringspunkt. Registreringane var ikkje fanga opp av Statens vegvesen, og 89 av registreringane var manglande boltar, som vegavdelinga opplyser at dei ikkje har inspeksjonsrutinar for.

Manglande inspeksjonsrutinar for boltar er allereie påvist som ein systematisk svikt i Statens vegvesen, i pågåande tilsynssak 2018-19. Vegtilsynet hadde møte med Vegdirektoratet 11. april 2019, og dei jobbar med tiltak både for å inspisere og utbetre rekkverka på riks- og fylkesvegnettet på kort sikt, samt systemtiltak for å sikre at avvika ikkje gjentek seg.

Vegtilsynet set derfor ikkje eit nytt avvik på Statens vegvesen, men rår vegavdeling Telemark til å gjere ei sjølvstendig vurdering av kor kritisk registreringane er for trafikktryggleiken, og minimum følgjer opp tiltaka som kjem frå Vegdirektoratet.

 

5. Konklusjon

Vegtilsynet har registrert 112 brot på Handbok N101, og 7 forbetringspunkt.

Manglande inspeksjonsrutinar for boltar er allereie påvist som ein systematisk svikt i Statens vegvesen i pågåande tilsynssak 2018-19. Vegtilsynet set derfor ikkje eit nytt avvik i denne saka.



Vedlegg 1: Kartoversikt over registreringar

Kartutsnittet viser dei 119 registreringane innanfor driftskontrakt 0801 Vest Telemark

2019-16 Bilde 5

Vedlegg 2: Funn etter inspeksjon, tilsynsbevis 2

Ligger i PDF-versjonen av tilsynsrapporten. Last ned under


Last ned tilsynsrapporten som PDF