Til hovedinnhold
26. september 2022
sak 2022-07

Inspeksjon av sikkerhetsutstyr i Svotunnelen Statens vegvesen

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka gjeld om Svotunnelen har beredskapsplan og sikkerheitsutstyr som fungerer ved brann i tunnelen.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Svotunnelen har beredskapsplan og har sikkerheitsutstyr som fungerer ved brann i tunnelen.

Vegtilsynet har gjennomgått beredskapsplanen for Svotunnelen, og gjennomført
inspeksjon for å undersøke om tunnelen sitt sikkerheitsutstyret fungerte på det
tidspunktet som inspeksjonen vart gjennomført.

Samla sett viste tilsynssaka at for Svotunnelen er det manglar ved beredskapsplanen, og at sikkerheitsutstyret i tunnelen ikkje oppfylte alle krav til sikkerheit, då inspeksjonen vart gjennomført. Dette kan føre til at skadeverknader av ei eventuell hending, som t.d. brann, ikkje vert hindra eller avgrensa.

Vegtilsynet fann følgande for Svotunnelen:

  • Beredskapsplanen for Svotunnelen har utydeleg beredskapsteikning, manglar informasjon om nødstyreskap, og det er på nokre punkt ikkje samsvar mellom beskriving av tunnelens sitt utstyr og korleis utstyret fungerte under inspeksjonen.
  • Svotunnelen oppfylte ikkje alle krav til sikkerheit då inspeksjonen vart gjennomført.

Vegtilsynet har funne to avvik som vil verte følgt opp med Statens vegvesen.