Til hovedinnhold
21. desember 2021
sak 2021-08

Inspeksjoner av berg og bergsikring i tunneler Statens vegvesen

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen har og brukar eit tilstrekkeleg styringssystem for å førebygge nedfall av stein i tunnelar.

Tilsynssaka viser at det ikkje er gjennomført hovudinspeksjonar av berg og bergsikring i tunnelar i vest, sjølv om Statens vegvesen har krav om at denne inspeksjonstypen skal gjennomførast. I resten av landet vert det i stor grad gjennomført hovudinspeksjonar, men det er ikkje alltid inspeksjonane vert gjennomført innan fristen.

Sidan inspeksjonstypen er ein tilstandskontroll, kan det å ikkje gjennomføre hovudinspeksjonar, eller å gjennomføre dei for sjeldan, få som konsekvens at Statens vegvesen ikkje har oversikt over tilstanden i den enkelte tunnelen. Dette kan igjen føre til at stein fell ned frå tak og vegger, slik at det oppstår farlege situasjonar for trafikantane. 

Når det gjeld oppfølging av inspeksjonane, viser tilsynssaka at anbefalte tiltak i inspeksjonsrapportane i varierande grad vart gjennomført innan dei anbefalte fristane. 

Tilsynssaka viser også at det ikkje er tydeleg kven som har ansvar for at hovudinspeksjonar i tunnelar under 500 meter blir gjennomført, og at desse tunnelane heller ikkje er omfatta av den framlagde inspeksjonsplanen. Dette kan medføre risiko for at det ikkje blir gjennomført hovudinspeksjonar av berg og bergsikring i dei kortaste tunnelane.
 

Vegtilsynet finn at Statens vegvesen:

  • ikkje gjennomfører hovudinspeksjon av berg og bergsikring i alle tunnelar minst kvart femte år
  • ikkje har beskrive kven som har ansvar for å planlegge, gjennomføre og følgje opp inspeksjonar av berg og bergsikring i tunnelar under 500 meter
  • ikkje har sett tydelege krav til oppfølging etter hovudinspeksjon av berg og bergsikring av tunnel
  • ikkje følger opp funn etter hovudinspeksjon i alle undersøkte tunnelar
  • ikkje har inspeksjonsplan for hovudinspeksjonar av berg og bergsikring for alle tunnelar
  • bør vurdere om det å inngå skriftlege avtalar, for å spesifisere kva oppgåver praktisk tunnelforvaltar skal gjennomføre, er hensiktsmessig.

Vegtilsynet har funne fem avvik som vert følgt opp med Statens vegvesen. I tillegg er det gjort ein observasjon.