21. oktober 2013
sak 2013-03

Ivaretaking av mjuke trafikantar i reguleringsplanfasen Statens vegvesen

Samandrag

Tilsynssaka omhandlar korleis Statens vegvesen tek i vare mjuke trafikantar i reguleringsplanfasen, og gjeld i hovudsak løysingar for syklande. Saka var avgrensa til 13 prosjekt på riksveg i Statens vegvesen, region midt. 

Det er eit mål i Nasjonal Transportplan at talet på sykkelreiser skal doblast dei komande åra, og at dette skal skje utan at talet på drepne og hardt skadde syklistar aukar. Samstundes viser statistikk at talet på ulykker per køyrde kilometer for syklande er større enn per køyrde kilometer i bil. Kvalitet i veginfrastrukturen kan være eit viktig bidrag til å auke sikkerheitsnivået for syklistar og andre mjuke trafikantar. For nye vegprosjekt meiner Vegtilsynet at dette inneber at omsynet til trafikksikkerheit for syklistar må handterast allereie i reguleringsplanfasen.

I denne tilsynssaka har Vegtilsynet sett på reguleringsplanfasen, og korleis prosjektleiar og prosjekteigar har nytta styrande dokument som prosjektbestilling, prosjektstyrings- og kvalitetsplan som verkty for å kvalitetssikra planprosessen, og samstundes dokumentera dei val som vert gjort.

I tillegg såg Vegtilsynet på i kva grad risiko er vurdert, om sykkelkompetanse er involvert og om trafikksikkerheitsgjennomgang av reguleringsplan er utført.

Tilsynet viste at for nokre av prosjekta er det manglar med dei styrande dokumenta både med omsyn til kvalitet og innhald. Nokre av prosjekta mangla også sentrale styrande dokument. Det kom i tillegg fram at tilsynspart i liten grad kunne dokumentere dei risikovurderingar som ligg grunn for val av løysingar for syklande, og at trafikksikkerheitsgjennomgang er mangelfull. Statens vegvesen, Region midt har forbedringspotensial på dette området.

I tilsynssaka var det funne fire avvik og gjort fire observasjonar. Tilsynsfunna viser svakheiter med styring  og oppfølging frå både prosjekteigar og prosjektleiar i reguleringsplanfasen, og kan ha som konsekvens at sluttproduktet, som her er vedtatt reguleringsplan, ikkje har fått rett kvalitet for syklande med tanke på trafikksikkerheit.

Vegtilsynet ga tre tilrådingar i saka.