29. november 2013
sak 2013-02

Oppfølging av driftskontraktar for vinterdrift Statens vegvesen

Samandrag

Tilsynssaka omhandla Statens vegvesen si oppfølging av driftskontraktar ved vinterdrift, og tok utgangspunkt i to driftskontraktar i Statens vegvesen, Region vest. Målet for tilsynssaka var å undersøke i kva grad styring av driftskontraktar for vinterdrift er i samsvar med krav.

Driftskontraktane inneheld mange krav til entreprenør for å sikre at Statens vegvesen får bestilt kvalitet på drifta. Det er for det fyrste sett krav til administrasjon og styring av kontrakten. Entreprenøren skal gjennom sitt kvalitetssystem og sine planar dokumentere at han har forstått leveransen og syne korleis kontrakten skal gjennomførast. Det er for det andre sett krav til korleis drifta skal utførast og til standard på vegnettet. Entreprenøren skal kontrollere vegnettet og dokumentere for byggherren at  desse krava er oppfylt.

Statens vegvesens system for oppfølging av driftskontraktane består av fleire ledd. Statens vegvesen skal utarbeide eigne planar for oppfølging og kontroll. Vidare skal Statens vegvesen kontrollere entreprenøren sitt system og sine planar, og gjennomføre kontroll med entreprenørens arbeid og tilstanden på vegen gjennom stikkprøvekontrollar.

Systemet for oppfølging av driftskontraktar er utarbeidd for å sikre at sluttproduktet, tilstanden på vegen, skal ha god kvalitet. Kvaliteten på vinterdrifta påverkar i stor grad trafikksikkerheita på vegane.

Vegtilsynet fann fire avvik og gjort sju observasjonar ved regionen si oppfølging av driftskontraktar. Tilsynsfunna viste svakheiter ved alle ledda i systemet for oppfølging av driftskontraktar. Det betyr at Statens vegvesen, Region vest ikkje har all den informasjonen dei treng for å styre oppfølginga av driftskontraktane, og at oppfølginga ikkje i tilstrekkeleg grad sikrar at byggherren får det han har bestilt.

Vegtilsynet ga fire tilrådingar i saka.