Tilsynsrapport sak 2019-24

Oppfølging av funn avdekka gjennom sykkelveginspeksjonar Statens vegvesen, Region midt


Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynet blei gjennomført i Region midt. Tilsynssaka omhandla oppfølging av funn avdekka gjennom sykkelveginspeksjonar.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

 

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region midt følger opp funn avdekka gjennom sykkelveginspeksjonar.

Vegtilsynet har undersøkt oppfølginga av sykkelveginspeksjonar gjennomført i perioden 2014–2018 i vegavdeling Møre og Romsdal. Vegavdeling Trøndelag har ingen rapporter om gjennomførte sykkelveginspeksjonar langs riksvegnettet i perioden 2014–2018.

Samla sett viste tilsynssaka at Region midt stort sett etterlever dei krava Statens vegvesen har sett til korleis oppfølginga av funn avdekka gjennom sykkelveginspeksjonane skal gjennomførast. Tilsynet har likevel vist at fleire av dei alvorlege funna ikkje er, eller vil bli, utbetra, og at trafikksikkerheita på areal for syklistar ikkje fullt ut er ivaretatt.

Vegtilsynet gjorde følgande funn:

  • Vegavdelinga har ikkje gjennomført alle vedtekne tiltak.
  • Vegavdelinga bør sikre at oppfølging av sykkelveginspeksjonar settast i gang slik at trafikkfarlege forhold ute på veg blir utbetra innan rimeleg tid.
  • Vegavdelinga manglar metode/verktøy i prosessen med å velje og prioritere tiltak basert alvor i funnet og kor mykje tiltaket kostar.
  • Rutinen for oppfølging av bestillingar frå plan- og trafikkseksjonen til vegseksjonen bør implementerast i vegseksjonane.

Vegtilsynet har funne eitt avvik som vil bli følgt opp med Statens vegvesen. I tillegg er det gjort tre observasjonar.


1. Bakgrunn

I Statens vegvesens handlingsprogram står det at «[i]nspeksjoner av alle gang- og sykkelanlegg og nasjonale sykkelruter skal være gjennomført i løpet av 2019 med hensyn til trafikksikkerhet».1

I Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2018–2021 står det at:

En sykkelveginspeksjon er en systematisk gjennomgang av en sykkelrute for å identifisere feil og mangler. Trafikksikkerhet er et sentralt tema i disse inspeksjonene. Statens vegvesen vil videreføre målsettingen om at alle sykkelruter langs riksvegnettet skal være ferdig inspisert innen utgangen av 2019. Av totalt 1476 km med sykkelruter langs riksveger var det per 1/1 - 2017 gjennomført sykkelveginspeksjon av 60,3 prosent, mens kun 36,2 prosent var utbedret. Dette viser at det er behov for bedre rutiner for oppfølging av sykkelveginspeksjonene med nødvendige utbedringer.2

Med bakgrunn i dette gjennomfører Vegtilsynet fleire tilsyn innan temaet trafikksikkerheit for heilårssyklisten, med deltema sykkelveginspeksjonar. I denne tilsynssaka ville Vegtilsynet undersøke oppfølginga av dei sykkelveginspeksjonane som er gjennomført i Region midt i perioden 20142018.


2. Mål og problemstillingar

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen, Region midt følger opp funn avdekka gjennom sykkelveginspeksjonar. Problemstillinga er:

Sikrar Statens vegvesen, Region midt at trafikksikkerheita på areal for syklistar blir ivaretatt gjennom oppfølginga av sykkelveginspeksjonane?

 

2. Gjennomføring og metode

Tilsynssaka er gjennomført som ein revisjon og ble varsla 20. juni 2019.

Tilsynet er gjennomført i vegavdeling Møre og Romsdal.

Vegtilsynet mottok ein oversikt over sykkelveginspeksjonar gjennomført i Region midt i perioden 2014–2018. Trøndelag har ingen rapporter om gjennomførte sykkelveginspeksjonar langs riksvegnettet i perioden 2014–2018, og er difor ikkje ein del av denne tilsynssaka.

Vegtilsynet har valt ut følgande sykkelveginspeksjonar i vegavdeling Møre og Romsdal:

Tabell 1: Undersøkte sykkelveginspeksjonar

Sykkelveginspeksjon (inspeksjonsår i parentes)

Vegavdeling Møre og Romsdal

Rv 70 Sunndal (2014)

E39 Sjøholt til Apalset (2017)

E136 Moa til Lerstad (2017)

E136 Veblungnes (2017)

Tilsynssaka er gjennomført med dokumentgjennomgang og intervju med aktuelle personar. Intervju blei gjennomført 19. september 2019.

Tilsynspart har lagt forholda til rette for ei effektiv gjennomføring av tilsynet.


4. Tilsynsresultat

Symbola som er brukt for å illustrere tilsynsfunna i rappor­ten går fram av tabellen under.

Avvik
Mangel på samsvar med krav

Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hos tilsynspart

Ingen funn
Tilsynskriteriet er oppfylt

Utkast til rapport ble lagt fram for tilsynspart 17.10.2019, med frist for å gi tilbakemelding på faktafeil. Tilsynspart ga slik tilbakemelding innan fristen, og dette er tatt omsyn til ved utarbeiding av endeleg tilsynsrapport.

For å kartlegge manglar og gjennomføre tiltak for å ivareta trafikksikkerheita på gang- og sykkelvegar, har Vegdirektoratet informert om at alle sykkelruter langs riksvegnettet skal inspiserast. Handbok V720 Trafikksikkerhetsrevisjoner og -inspeksjoner (2005) og Handbok 249 Sykkelveginspeksjoner (2004) skal leggast til grunn ved gjennomføring av denne oppgåva.3

 

Tilsynskriterium 1: Prosjekteigar er ansvarleg for å bestemme kva tiltak som skal gjennomførast4

 

Tilsynsbevis

Avdelingsdirektøren har den formelle prosjekteigarrolla, men ansvaret er delegert til sykkelkontakt for Nordmøre og Romsdal og til sykkelkontakt for Sunnmøre, som er saksbehandlarar.

Det blir spelt inn trong for midlar i handlingsprogrammet for kvar riksvegrute. Dersom det blir løyvd midlar til å handtere tiltaka i inspeksjonsrapporten, følger saksbehandlar opp tiltaka. Saksbehandlar går gjennom de føreslegne tiltaka i inspeksjonsrapporten, og utarbeidar ei prioritert liste over tiltaka som skal gjennomførast.

Det blir brukt fagleg skjønn og erfaring for å velje ut og prioritere tiltak basert på kor alvorleg funnet er, og kostnad på tiltaket. Dei har ingen metodiske verktøy til hjelp i denne jobben, og vurderingane blir ikkje dokumentert.

Under inspeksjonane blei alvoret til funna vurdert i samsvar med figur 1 i Handbok V720 Trafikksikkerhetsrevisjoner og -inspeksjoner:

2019-12 tabell1
Figur 1: Mal frå T-ess-skjema til vurdering av alvor til funn

Vegtilsynets gjennomgang av forslaga til kva tiltak som bør bli gjennomført, viste følgande om typar funn som står att når dei vedtekne tiltaka er gjennomført:

Tabell 2: Oversikt over funn som ikkje er bestemt utbetra, september 2019

Sykkelveginspeksjon

Totalt tal funn avdekka

Røde funn som ikkje utbetrast

Orange funn som ikkje utbetrast

Gule funn som ikkje utbetrast

Vegavdeling Møre og Romsdal

Rv 70 Sunndal (2014)

26*

1

15

9

E39 Sjøholt til Apalset (2017)

86

9

24

53

E136 Moa til Lerstad (2017)

58

0

9

35

E136 Veblungnes (2017)

18**

0

1

8

Rv 70 Sunndal: 1 av funna manglar grad av alvor og dette er ikkje kategorisert i tabellen.
** E136 Veblungnes: 2 av funna manglar grad av alvor og desse er ikkje kategorisert i tabellen.


Det er lagt fram dokumentasjon på kva som er bestemt for sykkelveginspeksjonane E136 Moa til Lerstad og for E136 Veblungnes. I intervju blei det opplyst at sykkelveginspeksjonane Rv 70 Sunndal (2014) og E39 Sjøholt til Apalset (2017) førebels ikkje skal følges opp fordi vegavdelinga meiner det er viktigare å prioritere tiltak langs andre gang- og sykkelvegar framfor desse to. I ei slik prioritering vert m.a. tal syklande, potensial for økt sykling, trafikkmengd, skoleveg lagt vekt på.


Vurdering

Vegtilsynet ser at Region midt har rutinar for å bestemme dei tiltaka som skal gjennomførast og har dokumentert kva som er bestemt. Vegtilsynet meiner det er uheldig at oppfølginga av sykkelveginspeksjonane Rv 70 Sunndal og E39 Sjøholt til Apalset ikkje skal starte før fleire år etter at inspeksjonane blei gjennomført. Det er viktig å følge opp sykkelveginspeksjonane for å utbetre trafikkfarlege forhold ute på vegane.
 

Etter det Vegtilsynet finn, kunne vegavdelingane også hatt nytte av ein metode eller eit verktøy som kunne gjort det enklare å sikre at tiltak med stor risikoreduserande effekt og lav kostnad blir prioritert. Dette ville vore til hjelp for å dokumentere de vurderingane som er gjort i samband med prioriteringane.

Funn 1 - observasjon
Vegavdeling Møre og Romsdal bør sikre at oppfølging av sykkelveginspeksjonar settast i gong slik at trafikkfarlege forhold ute på veg blir utbetra innan rimeleg tid.

Funn 2 - observasjon
Vegavdelinga manglar metode/verktøy i prosessen med å velje og prioritere tiltak basert på kor alvorlege funna er og kva tiltaket kostar.

 

Tilsynskriterium 2: Prosjekteigar er ansvarleg for å følge opp gjennomføringa av tiltak5


Tilsynsbevis

Avdelingsdirektøren har den formelle prosjekteigarrolla, men ansvaret er delegert til ein saksbehandlar. Saksbehandlaren sender bestillinga med prioritert tiltaksliste via e-post til vegseksjonen. Vegseksjonen er ansvarleg for gjennomføringa.

Region midt, vegavdeling Møre og Romsdal har ein rutine for oppfølging av bestillingar frå plan- og trafikkseksjonen til vegseksjonen etter sykkelveginspeksjonane. Alle tiltak frå sykkelveginspeksjonane blir lagt inn i eit felles excel-ark kalla «Oversikt over alle bestillinger til vegseksjonen». Her skal vegseksjonen registrere når tiltaket er utført. For dei undersøkte sykkelveginspeksjonane har ikkje vegseksjonen registrert status.

I tillegg til rutinen over, har kvar saksbehandlar laga ein oversikt som viser status for kvart enkelt av dei utvalde tiltaka på prioriteringslista. Regionen har lagt fram dokumentasjon på status for alle dei føreslegne tiltaka i inspeksjonsrapportane.

 

Vurdering

Vegtilsynet ser at Region midt, vegavdeling Møre og Romsdal har rutinar for å følge opp gjennomføringa av tiltak, og har dokumentert status. Vegtilsynet meiner at vegavdelinga kunne ha nytte av å sikre at vegseksjonen etterlever rutinen for oppfølging av bestillingar frå plan og trafikkseksjonen til vegseksjonen.

Funn 3 - observasjon
Rutinen for oppfølging av bestillingar frå plan- og trafikkseksjonen til vegseksjonen bør implementerast i vegseksjonane.

 

Tilsynskriterium 3: Alle vedtekne tiltak skal gjennomførast6


Tilsynsbevis

Vegtilsynets gjennomgang av tiltaka etter sykkelveginspeksjonane viste følgande:

Tabell 3: Oversikt over utførte tiltak, september 2019

Sykkelveginspeksjon

(inspeksjonsår i parentes)

Tal funn avdekka

Tal tiltak bestemt gjennomført*

Tal tiltak utført

Vegavdeling Møre og Romsdal

Rv 70 Sunndal (2014)

26

**

**

E39 Sjøholt til Apalset (2017)

87

**

**

E136 Moa til Lerstad (2017)

59

12

9 (75%)

E136 Veblungnes (2017)

18

7

2 (29%)

* Eitt tiltak kan omfatte utbetring av fleire funn.
** Oppfølginga av sykkelveginspeksjonen er ennå ikkje gjennomført.


I tilbakemelding på utkast til tilsynsrapport blei det opplyst at tiltaka som står att blei bestilt i 2018 og 2019. Nokre av desse er sett i gong allereie. Andre blir gjennomført i løpet av hausten 2019, og nokre blir gjennomført seinare. Gjenståande tiltak blir utført for restmidla etter prioriteringsrekkefølge, slik at det også er mogleg at nokre av tiltaka må vente til det blir løyvd nye midlar på strekningen.


Vurdering

Vegtilsynet ser at vegavdeling Møre og Romsdal ikkje har gjennomført alle vedtekne tiltak. Det står att åtte av totalt 19 tiltak.

Funn 4 - avvik
Vegavdeling Møre og Romsdal har ikkje gjennomført alle vedtekne tiltak.

 

5. Konklusjon

Undersøkinga har vist at Region midt stort sett etterlever dei krava Statens vegvesen har sett til oppfølging av funn avdekka gjennom sykkelveginspeksjonane. Region midt, vegavdeling Møre og Romsdal har etablert eit system som sikrar at det føreligg dokumentasjon på dei tiltaka som er vedteke gjennomført og status for kvar enkelt av desse tiltaka. Gjennom dette systemet finst ei total oversikt for alle dei tiltaka som er føreslått i inspeksjonsrapporten etter sykkelveginspeksjonane.

Samtidig viste tilsynet at fleire av dei alvorlege funna ikkje er, eller vil bli, utbetra. Trafikksikkerheita på areal for syklistar er dermed ikkje fullt ut ivaretatt gjennom oppfølginga av sykkelveginspeksjonane.

 


Last ned tilsynsrapporten som PDF