Målet for tilsynet var å undersøke i kva grad Statens vegvesen følgjer opp sikkerheitstilrådingar frå SHT i samsvar med fastsette krav.
Vegtilsynet fekk stadfesta at oppfølginga skjer i samsvar med etablerte krav og rutinar, men at det var eit potensial for å forbetre og tydeleggjere desse for å sikre seg organisatorisk læring og få gjennomført endringar som syner att i praksis.
Vegtilsynet ga ei tilråding i saka.