23. desember 2015
sak 2015-05

Risikoanalyse av vegtunnelar Statens vegvesen

Samandrag

Ei hovudprioritering i Statens vegvesen sitt handlingsprogram 2014–20171 er arbeidet med å oppgradere og utbetre vegtunnelar. Statens vegvesen skal gjennomføre risikoanalysar av vegtunnelar i samsvar med krav i tunnelsikkerheitsforskrifta. Ein risikoanalyse vert utført for å kunne ta gjennomtenkte avgjersler med omsyn til sikkerheit. Det er viktig å definere hensikten med risikoanalysen, og kva resultata skal brukast til. I tillegg er det viktig at Statens vegvesen nyttiggjer seg desse risikoanalysane slik at ein er i forkant, og ikkje berre justerer sikkerheitsnivå i etterkant av hendingar.

Målet med tilsynet var å undersøke i kva grad Statens vegvesen, Region øst gjennomfører og bruker risikoanalysar for vegtunnelar i samsvar med krav.

Tilsynssaka tok for seg følgande problemstillingar:


Problemstilling 1

I kva grad gjennomfører Statens vegvesen, Region øst risikoanalysar av vegtunneler
i samsvar med krav?

1.1 Er det gjennomført risikoanalysar av vegtunneler som er omfatta av tunnelsikkerheitsforskrifta, og er risikoanalysane er gjennomført innan frist?

1.2 Er risikoanalysene gjennomført av eit uavhengig organ?

1.3 Er innhaldet i risikoanalysen i samsvar med krav?


Problemstilling 2

I kva grad gjennomfører Statens vegvesen, Region øst foreslåtte tiltak i risikoanalysar?


Tilsynet viste manglar ved fleire av Region øst sine risikoanalysar. Risikoanalysane har manglar i alle trinn, frå beskriving av bakgrunn og formål til metodeval, vurderingskriterium, identifikasjon av sikkerheitsproblem, vurdering av sannsynleghet og konsekvens, evaluering av risiko opp mot kriteria og foreslåtte tiltak. Manglane kan føre til at analysane ikke er gode nok som grunnlag for å setje i verk sikkerheitstiltak, og resultatet\ kan vere manglande tiltak, feil tiltak, at relativt like tunneler får ulike tiltak, og at tunnelar ikkje oppfyller minste tillatte sikkerheitsnivå.

Dei fleste av rapportene var mangelfulle også når det gjaldt sporbarheit gjennom risikoanalyseprosessen. Den manglande sporbarheita medfører mellom anna det ikkje er mogeleg å lese kva som er grunnlag for dei ulike tilrådde tiltaka. Ein kan til dømes ikke sjå om eit tiltak er tilrådd for å kompensere for avvik frå tunnelsikkerheitsforskrifa eller for å redusere risiko ved eit særtrekk ved tunnelen; om det er for oppfylle eit krav i Handbok N500 som går utover minimumskravene i forskrifta, eller om det er foreslått av andre grunnar. Dette kan ha som konsekvens at tilsynspart får utfordringar når ein skal bruke risikoanalysane som grunnlag for å ta avgjersler om tiltak som skal sikre minste tillatte sikkerheitsnivå.

Vegtilsynet ga tre tilrådingar i saka.