Til hovedinnhold
26. april 2021
sak 2021-01

Statens vegvesens styringssystem for drift og vedlikehald av elektriske anlegg Statens vegvesen

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar styringssystemet for drift og vedlikehald av elektriske anlegg.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.

Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avvika vil verte handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring.
På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller lukking av avvik.

 

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen har eit tilstrekkeleg styringssystem for drift og vedlikehald av elektriske anlegg.

Tilsynssaka har vist at Statens vegvesen gjennom å ikkje ha etablert prosessar for drift og vedlikehald av elektriske anlegg, ikkje har eit tilstrekkeleg styringssystem.

Prosessar skal gjennom aktivitetar beskrive gode måtar å gjere jobben på, ivareta alle aktivitetar som er viktig å gjennomføre, samt vise at koordinering med tilhøyrande aktivitetar vert ivaretekne.

Manglande prosessar for desse komplekse og utfordrande oppgåvene, kan føre til trafikkfarlege feil og manglar på vegnettet.

Vegtilsynet har funne eitt avvik:

  • Statens vegvesen har ikkje eit tilstrekkeleg styringssystem for drift og vedlikehald av elektriske anlegg.