11. februar 2015
sak 2014-02

Styring og oppfølging av driftskontraktar Statens vegvesen

Samandrag

Vegtilsynet har undersøkt korleis Statens vegvesen, Region øst styrer og følgjer opp driftskontraktane 0201 Asker og Bærum og 0202 Romerike vest.

Tilsynssaka tok føre seg tre problemstillingar:

1. Undersøke om Statens vegvesen, Region øst styrer driftsprosjekt i samsvar med krav. Det vart funne to avvik. Dei styrande dokumenta var ikkje utarbeidd og brukt i samsvar med krav. Prosjektorganisasjonen var ikkje er i samsvar med krav, og at stillingsinstruksar i lita grad utarbeidd og tilpassa dei konkrete driftsprosjekta.

2. Om Statens vegvesen, Region øst etablerer samarbeid for driftskontraktar i samsvar med krav. Tilsynet viste at samhandlingsprosessen i liten grad er dokumentert. Det er til dømes ikkje dokumentert at samarbeidsmøta har omfatta utarbeiding av felles mål og utvikling av samhandlingsprosedyrar. Berre det eine prosjektet hadde avklart prosedyre for konfliktløysing.

3. Undersøke om Region øst gjennomfører kontrakten i samsvar med krav.

Det vart funne fem avvik og gjort to observasjonar.

Vegtilsynet vurderte det slik at Region Øst ikkje i tilstrekkeleg grad følgjer opp gjennomføringa av kontrakten i samsvar med krav. Dette hadde mellom anna samanheng med:

• Dei to driftsprosjekta hadde ulik tilnærming til utarbeiding av plantal, noko som gjer at styringsinformasjon kan bli rapportert på feil grunnlag.
• Det var ikkje gjennomført felles kontrollar i samsvar med krav for nokon av prosjekta.
• Når det gjeld oppfølging av gjennomførte kontrollar, viste tilsynet at driftsprosjekt 0201 Asker og Bærum ikkje følger opp avvik i samsvar med krav.
• Manglar vart ikkje følgt opp i samsvar med krav.
• Tilsynspart gjennomførte ikkje byggemøte i samsvar med krav, dette gjaldt både frekvens og innhald.