22. desember 2020
sak 2020-06

Sykkelforbod i tunnel Statens vegvesen

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar etterleving
av systemet for å iverksette sykkelforbod i tunnel.
Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.
Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avvika vil verte
handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring.
På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller
lukking av avvika.

 

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen etterlever sitt eige styringssystem for å iverksette forbod for syklande i tunnel.
For å ta stilling til dette har Vegtilsynet undersøkt om det føreligg protokoll over skiltvedtak om sykkelforbod i tunnel og om det er sett opp skilt der det er sykkelforbod.
Samla sett viste tilsynssaka at Statens vegvesen ikkje etterlever styringssystemet når det gjeld å iverksette forbod for syklande i tunnel. Undersøkinga har vist at det ikkje er ført protokoll over alle skiltvedtak om sykkelforbod i NVDB, og at Statens vegvesen ikkje har sørga for at skilt som forbyr sykkeltrafikk er sett opp.
Vegtilsynet har funne to avvik som vil bli følgd opp med Statens vegvesen.