24. august 2015
sak 2015-02

Teknisk kvalitet i utbyggingsprosjekt Statens vegvesen

Samandrag

At veginfrastrukturen vert bygd med rett kvalitet er viktig for å hindre trafikkfarlige forhold, og for at vegnettet skal ha levetid som føresett. Statens vegvesen, som byggherre, har saman med entreprenør ansvar for at utbyggingsprosjekt er utført med den kvalitet som er beskrive i kontrakten. Byggherren er ansvarleg for å følgje opp at entreprenøren leverer det som er bestilt til riktig tid, pris og kvalitet.

Vegtilsynet har gjennomført ei tilsynssak som gjeld teknisk kvalitet i utbyggingsprosjekt med særleg fokus på planlegging og gjennomføring av byggherrens kontroll. Tilsynspart varStatens vegvesen, Region øst.

Målet med tilsynet var å undersøke om Statens vegvesen, Region øst sikrar teknisk kvalitet i vegfundament og vegdekke i utbyggingsprosjekt. Tilsynssaka tok føre seg to problemstillingar:

For det første ville Vegtilsynet undersøke om Statens vegvesen, Region øst sikrar at byggherrens kontroll av teknisk kvalitet vert planlagt i samsvar med krav. Gjennom denne problemstillinga vart det sett på om organisering av utbyggingsprosjekt, om utarbeiding av prosjektstyringsdokument og kartlegging av kritiske prosessar vert gjennomført i samsvar med krav.

For det andre ville Vegtilsynet undersøke om Statens vegvesen, Region øst sikrar at byggherrens kontroll av teknisk kvalitet vert gjennomført i samsvar med krav. Det vart undersøkt om kvalitetsplan og kontrollplan vert utarbeidd, og om stikkprøvekontrollar vert gjennomført i samsvar med krav.

Tilsynet viste at gjennomgang og felles forståing av korleis ein skal sikre teknisk kvalitet i prosjektet er lite vektlagt i samhandlingsprosessen. Forhold ved entreprenørens kvalitetsplan og prosedyrar for kvalitetssikring dannar grunnlag for kva prosessar som er kritiske når det gjeld teknisk kvalitet, og som bør vektleggast og prioriterast i byggherrens kontrollplan. Mangelfull gjennomgang av dette i samhandlingsprosessen kan føre til at kontrollane ikkje omfattar alle kritiske arbeidsoperasjonar slik at bestilt kvalitet vert sikra.

For det andre viste tilsynet at formålet med kartlegging av kritiske prosessar i vegfundament og vegdekke ikkje i tilstrekkelig grad vert ivareteke. Der det er gjennomført ei kartlegging er ikkje denne brukt som grunnlag for å fastsette kontrollplanen slik Handbok R760 Styring av vegprosjekt, kvalitetssystemet og Rapport nr. 274 Datagrunnlag for målekort seier at den skal gjere. Vegtilsynets vurdering var at det  ikkje er ein klar samanheng mellom dei kartlagde kritiske prosessane, og prosjekta sine kontrollplanar.

Tilsynet viste også at kontrollplanane i dei undersøkte prosjekta ikkje var i samsvar med gjennomførte kontrollar. Under tilsynet kom det fram at dei gjennomførte stikkprøvekontrollane er av større omfang enn det som går fram av kontrollplanane. Statens vegvesen som byggherre har ansvaret for å verifisere teknisk kvalitet i sine utbyggingsprosjekt. Når omfanget av stikkprøvar er større enn det som ligg i kontrollplanen, vert det uklart om kontrollarbeidet er målretta mot dei kritiske prosessane.