Tilsynsrapport sak 2019-20

Tilstand på gang- og sykkelveg driftskontrakt 0103 Østfold


Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar oppfylling av krav til tilstand på gang- og sykkelveg. Tilsynet vart gjennomført i Region øst, driftsområde 0103 Østfold sør, i vegavdeling Østfold.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.


Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen sikrar samsvar med krav til tilstand på gang- og sykkelveg.

Vegtilsynet har inspisert alle gang- og sykkelvegar på riksvegane i driftsområdet til kontrakt 0103 Østfold sør for å undersøke etterleving av krav og forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken.

Samla sett viste tilsynssaka at entreprenøren og byggherren har gjennomført   inspeksjonar og kontrollar, utan at dette har ført til at tilstanden på gang- og sykkelvegane var i samsvar med krav på det tidspunktet Vegtilsynet utførte inspeksjon.

Vegtilsynet fann:

  • 159 registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav
  • Byggherren opplyste at avvik avdekka gjennom entreprenøren sine inspeksjonar eller gjennom byggherren sine kontrollar vert behandla fortløpande. Byggherre kan ikkje dokumentere om Vegtilsynets registreringar låg som opne avvik på det tidspunktet Vegtilsynet gjennomførte inspeksjonane
  • Statens vegvesen har ikkje sikra at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav i driftskontrakt 0103, Østfold sør

Vegtilsynet har funne eitt avvik som vil verte følgd opp med Statens vegvesen.


1. Bakgrunn

Ulykkesrisikoen og alvorlegheitsgraden i ulykker er større for syklistar enn for dei fleste andre trafikantgrupper. Det er påvist stor underrapportering når det gjeld eineulykker med sykkel. Ifølge Transportøkonomisk institutt bidreg vegrelaterte feil til omtrent to tredjedelar av dødsulykkene med sykkel.1

Drift og vedlikehald av gang- og sykkelvegar, er sentralt når det gjeld framkome og trafikksikkerheit året rundt. Statens vegvesen har ansvaret for drifta og vedlikehaldet av vegnettet, og arbeidet vert utført av innleigde entreprenørar gjennom inngåtte driftskontraktar. Statens vegvesen har rolla som byggherre i driftskontrakten. Driftskontraktane er Statens vegvesens reiskap for å oppretthalda funksjonen og tilstanden på vegnettet. Ettersom sjølve driftsoppgåvene vert utført av entreprenørar, er Statens vegvesens oppfølging av driftskontraktane og kontroll med det utførte arbeidet av stor betyding.

Med bakgrunn i dette gjennomfører Vegtilsynet i 2019 fleire tilsyn innan temaet drift og vedlikehald av gang- og sykkelvegar.

Tilsynssaka vart gjennomført i Statens vegvesen, Region øst, vegavdeling Østfold, kontraktområde 0103 Østfold sør. Dette området omfattar om lag 33,5 kilometer gang- og sykkelveg langs riksveg (RV/GV19, RG/GV22, RG/GV110, RG/GV204 og EG/GV6), og  driftskontrakten gjeld frå 2016 til 2021.


2. Mål

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen sikrar samsvar med krav til tilstand på gang- og sykkelveg.

 

Avgrensing

Saka er avgrensa til å undersøke tilstand på gang- og sykkelveg langs riksveg,  Statens vegvesens oppfølging av gjennomføring av kontrakten, og oppnådd resultat ute på vegen.

 

3. Gjennomføring og metode

Vegtilsynet sende varsel om tilsyn 25. juni 2019.

Vegtilsynet inspiserte alle gang- og sykkelvegar på riksvegane i driftsområdet 18. og 19. juni 2019. Under inspeksjonen vart det lagt vekt på å undersøke etterleving av krav og  forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken.

Det vart gjennomført intervju med byggherre 26. august 2019 for å undersøke nærare korleis avvik frå krav til tilstand og til trafikkfarlege forhold på gang- og sykkelvegen knytt til drift og vedlikehald, vert identifisert og handtert.

Vegtilsynet har fått tilsendt utdrag av driftskontrakten og dokumentasjon henta frå ELRAPP (Statens vegvesens system for elektronisk rapportering og oppfølging av driftskontraktar).

Tilsynspart har lagt forholda til rette for ei effektiv gjennomføring av tilsynet.


4. Tilsynsresultat

Symbol som er brukt for å illustrere tilsynsfunna i rappor­ten går fram av tabellen under.

Avvik
Manlande samsvar med krav

Observasjon
Forhold der ein gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbetring hjåtilsynspart

Ingen funn
Tilsynskriteriet er oppfylt

 

Tilsynskriterium2

Statens vegvesen skal sikre at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav.3

 

Tilsynsbevis 1

Under inspeksjonen gjorde Vegtilsynet 159 registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav:

Krav i Handbok R610

Tal ikkje i samsvar

Kap. 1.3 Inspeksjon *

6

Kap. 1.4 Sikt

24

Kap. 2.2 Vegdekke/fast dekke på fortau og gang- og sykkelveg

49

Kap. 2.7 Kantstein

1

Kap. 2.8 Avvannings- og dreneringssystem

7

Kap. 2.10 Sideområde

2

kap. 5.4 Vegoppmerking

4

Kap. 5.14 Vegbelysning

2

Kap. 5.15 Rekkverk

3

Kap. 5.17 Gjerde

1

Kap. 7.1 Naturlike arealer

16

Kap. 8.2 Gang- og sykkelveg, sykkelveg med fortau, fortau, trapp og rampe

44

Totalt

159


* Forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken, men som ikkje tydeleg kunne koplast direkte til eit krav til tilstand i handbok R610, sjå Vedlegg 1.
 

Utvalde bilde frå Vegtilsynets inspeksjon i driftskontrakt 0103 Østfold sør:

2019-20 Bilde 1
Bildet viser gang- og sykkelveg med hol i vegbana. Dette er registrert som tilstand
som ikkje var i samsvar med krav til Kap. 2.2 Vegdekke/fast dekke på fortau og
gang- og sykkelveg.


 

2019-20 Bilde 2
Bildet viser gang- og sykkelveg med hol i vegbana. Dette er registrert som tilstand som
ikkje var i samsvar med krav til Kap. 2.2 Vegdekke/fast dekke på fortau og gang- og sykkelveg.

 

2019-20 Bilde 3
Bildet viser gang- og sykkelveg med grus i vegbana. Dette er registrert som tilstand som
ikkje var i samsvar med krav til Kap. 8.2 (Renhold) Gang- og sykkelveg, sykkelveg med
fortau, trapp og rampe.

 

2019-20 Bilde 4
Bildet viser gang- og sykkelveg med grus i vegbana. Dette er registrert som tilstand som
ikkje var i samsvar med krav til Kap. 8.2 (Renhold) Gang- og sykkelveg, sykkelveg med
fortau, trapp og rampe.
2019-20 Bilde 5
Bildet viser vegetasjon i gang- og sykkelvegen sine frie rom. Dette er registrert som tilstand
som ikkje var i samsvar med krav til Kap. 7.1 Naturlike arealer.

 

2019-20 Bilde 6
Bildet viser gang- og sykkelveg med skada rekkverk. Dette er registrert som tilstand som
ikkje var i samsvar med krav til Kap. 5.15 Rekkverk.
2019-20 Bilde 7
Bildet viser vegetasjon som hindrar sikt i kryss på gang- og sykkelvegen. Dette er registrert
som tilstand som ikkje var i samsvar med krav til Kap. 1.4 Sikt.
2019-20 Bilde 8
Bildet viser ujamnheit på tvers på gang- og sykkelvegen. Dette er registrert som tilstand som
ikkje var i samsvar med krav til Kap. 2.2 Vegdekke/fast dekke på fortau og gang- og sykkelveg.


 

Tilsynsbevis 2

Byggherren opplyser at entreprenøren har utført inspeksjonar av gang- og sykkelveg i samsvar med kontrakt og inspeksjonsplan. Det vert gjennomført generell inspeksjon kvar veke. Desse inspeksjonane skal fange opp alle avvik og tiltaksbehov. Der inspeksjonane avdekker behov for gjennomføring av tiltak utan funksjonsansvar, skal behov rapporterast til byggherren.

Byggherren har utført stikkprøvekontrollar, etterkontrollar og egendefinerte kontrollar for å følgje opp at tilstand på vegen er i samsvar krav. Frå oppstart av kontrakt i september 2016 og fram til tidspunktet for Vegtilsynets inspeksjon, var det planlagt 121 stikkprøvekontrollar på gang- og sykkelveg. Av desse er 84 (69 prosent) gjennomført. Byggherren opplyser at det er gjort tiltak når det gjeld stikkprøvekontrollane, slik at det frå januar 2018 er så godt som 100 prosent gjennomføring. Hittil i kontraktsperioden er det gjennomført fire egendefinerte kontroller. 82 stikkprøvekontrollar er registrert utan mangel, åtte er registrert med manglar og sju er registrert med trekk.

Byggherren opplyste at avvik avdekka gjennom entreprenøren sine inspeksjonar eller gjennom byggherren sine kontrollar vert behandla fortløpande. Det er registrert fem relevante R2-skjema på riks gang- og sykkelveg som er til behandling hjå byggherre. Utover dette kan ikkje byggherre4 dokumentere om Vegtilsynets registreringar låg som opne avvik på det tidspunktet Vegtilsynet gjennomførte inspeksjonane.

 

Vurdering

Vegtilsynets inspeksjon avdekka 159 registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav. Vegtilsynet vurderer fleire av registreringane som trafikkfarlege, og dei kan medverke til at ulukker oppstår eller at skadeomfanget aukar dersom ei ulukke fyrst oppstår. Sjølv om entreprenøren har utført tal inspeksjonar i samsvar med krav og byggherren har utført 69% av dei planlagde kontrollane, har ikkje dette har ført til at tilstanden på riks gang- og sykkelvegane var i samsvar med krav på det tidspunktet Vegtilsynet utførte inspeksjon.
 

Funn 1 - avvik
Statens vegvesen har ikkje sikra at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav i driftskontrakt 0103 Østfold sør.


5. Konklusjon

Vegtilsynets vurdering er at kontrollomfanget hjå entreprenør og byggherre i utgangspunktet skulle vore tilstrekkeleg til å avdekke tilstand på gang- og sykkelveg. Undersøkinga har likevel vist at kvaliteten på gjennomføringa og/eller oppfølginga ikkje har vore tilstrekkeleg til å sikre samsvar med krav til tilstand på gang- og sykkelveg. Mange av registreringane gjort av Vegtilsynet har vore i strid med krav til tilstand over lengre tid.


 

Vedlegg 1: Grunnlag for tilsynskriterium

Statens vegvesen «skal ha og bruke tilstrekkelege og effektive styringssystem for å sikre tryggleiken knytt til riksvegane», jf. Veglova § 11 b.  Med «effektive og tilstrekkelege styringssystem» er det meint system som er innretta slik at «pliktsubjektet oppnår effekt i form av å ta vare på tryggleiken i veginfrastrukturen der den er god og synleggjer kor tryggleiken i veginfrastrukturen kan forbetrast».5

Statens vegvesens Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger set krav til funksjon og tilstand for objekt, og krav til utføring av drift og vedlikehald. Kva standarden skal vere i dei ulike driftsområda kan i noko grad tilpassast lokale tilhøve og vert avtalefesta i kontrakten med entreprenør. Handboka er ei retningslinje i Statens vegvesens styringssystem og gjeld for all gang- og sykkelveg langs riksveg. Handboka er eit internt krav, men må reknast for å vere etablert standard og minimumskrav for å ivareta tryggleik i veginfrastrukturen ved drift og vedlikehald. Vegtilsynet har gjennom inspeksjon undersøkt etterleving av utvalde krav til tilstand i handboka:

Kapittel

Underkapittel

Kap. 1 Felleskrav

Kap. 1.3 Inspeksjon *

Kap. 1.4 Sikt

Kap 2 Vegbane og sideområde

Kap. 2.2 Vegdekke/fast dekke på fortau og gang- og sykkelveg

Kap. 2.7 Kantstein
Kap. 2.8 Avvannings- og dreneringssystem
Kap. 2.10 Sideområde
Kap. 5 Vegutstyr Kap. 5.4 Vegoppmerking
Kap. 5.8 Bom
Kap. 5.14 Vegbelysning
Kap. 5.15 Rekkverk
Kap. 5.17 Gjerde
Kap.7 Vegetasjonsskjøtsel Kap. 7.1 Naturlike arealer
Kap. 7.7 Trær
Kap. 8 Renhold av vegområde Kap. 8.2 Gang- og sykkelveg, sykkelveg med fortau, fortau, trapp og rampe
 

MERKNAD
* Kap. 1.3 Inspeksjon set krav til gjennomføring av inspeksjonar for å «Registrere tilstand, skader og forhold som kan påvirke funksjon og sikkerhetsforhold, trafikksikkerhet […]». Forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken og som ikkje tydeleg kunne koplast direkte mot eit krav til tilstand i handbok R610, er difor registrert under kap 1.3 Inspeksjon då Vegtilsynet meiner desse forholda skulle vore fanga opp og ivaretatt gjennom slike inspeksjonar.

 

Statens vegvesen har utarbeidd eit system for å følgje opp og rapportere entreprenøren sine leveransar i driftskontraktar, System for oppfølging av driftskontrakter – SOPP.6 Systemet er beskrive i ein rapport som er ein del av Statens vegvesens styringssystem. Dette er interne krav som skal brukast ved oppfølging av alle driftskontraktar. Av systemet går det fram at Statens vegvesen med «tilstrekkeleg sikkerheit [skal] vite at bestilt arbeid, produkt og resultat er levert» og at Statens vegvesen skal kunne dokumentere at leveransen frå entreprenør er i samsvar med kontrakt, jf. Forord.

 

Vedlegg 2: Kartoversikt over registreringar

Kartutsnittet viser dei 159 registreringane innanfor driftskontrakt 0103 Østfold:

2019-20 kart

 


Last ned tilsynsrapporten som PDF