Skip to main content
19. desember 2019 sak 2019-29

Tilstand på gang- og sykkelveg Statens vegvesen

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar oppfylling av krav til tilstand på gang- og sykkelveg. Tilsynet vart gjennomført i Region sør, driftsområde 0602 Ringerike, i vegavdeling Buskerud.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.
 

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen sikrar samsvar med krav til tilstand på gang- og sykkelveg.

Vegtilsynet har inspisert alle gang- og sykkelvegar på riksvegane i driftsområdet til kontrakt 0602 Ringerike for å undersøke etterleving av krav og av forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken.

Samla sett viste tilsynssaka at entreprenøren og byggherren har utført tal inspeksjonar/kontrollar i samsvar med krav, utan at dette har ført til at tilstanden på gang- og sykkelvegane var i samsvar med krav på det tidspunktet Vegtilsynet utførte inspeksjon.

Vegtilsynet fann:

  • 166 registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav
  • Byggherren opplyste at avvik avdekka gjennom entreprenøren sine inspeksjonar eller gjennom byggherren sine kontrollar vert behandla fortløpande. Byggherren kan ikkje dokumentere om Vegtilsynets registreringar låg som opne avvik på det tidspunktet Vegtilsynet gjennomførte inspeksjonane
  • Statens vegvesen har ikkje sikra at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav i driftskontrakt 0602 Ringerike

Vegtilsynet har funne eitt avvik som vil bli følgd opp med Statens vegvesen.

1. Bakgrunn

Ulykkesrisikoen og alvorlegheitsgraden i ulykker er større for syklistar enn for dei fleste andre trafikantgrupper. Det er påvist stor underrapportering når det gjeld eineulykker med sykkel. Ifølge Transportøkonomisk institutt bidreg vegrelaterte feil til omtrent to tredjedelar av dødsulykkene med sykkel.1

Drift og vedlikehald av gang- og sykkelvegar, er sentralt når det gjeld framkome og trafikksikkerheit året rundt. Statens vegvesen har ansvaret for drifta og vedlikehaldet av vegnettet, og arbeidet vert utført av innleigde entreprenørar gjennom inngåtte driftskontraktar. Statens vegvesen har rolla som byggherre i driftskontrakten. Driftskontraktane er Statens vegvesens reiskap for å oppretthalda funksjonen og tilstanden på vegnettet. Ettersom sjølve driftsoppgåvene vert utført av entreprenørar, er Statens vegvesens oppfølging av driftskontraktane og kontroll med det utførte arbeidet av stor betyding.

Med bakgrunn i dette gjennomfører Vegtilsynet i 2019 fleire tilsyn innan temaet drift og vedlikehald av gang- og sykkelvegar.

Tilsynssaka vart gjennomført i Statens vegvesen, Region sør, vegavdeling Buskerud kontraktområde 0602 Ringerike. Dette området omfattar om lag 35,1 kilometer gang- og sykkelveg langs riksveg (EG/GV16, RG/GV7 og RG/GV35) og driftskontrakten gjeld frå 2018 til 2023.

2. Mål

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen sikrar samsvar med krav til tilstand på gang- og sykkelveg.


Avgrensing

Saka er avgrensa til å undersøke tilstand på gang- og sykkelveg langs riksveg,  Statens vegvesens oppfølging av gjennomføring av kontrakten, og oppnådd resultat ute på vegen.

3. Gjennomføring og metode

Vegtilsynet sende varsel om tilsyn 5. september 2019.

Vegtilsynet inspiserte alle gang- og sykkelvegar på riksvegane i driftsområdet 27. og 28. august 2019. Under inspeksjonen vart det lagt vekt på å undersøke etterleving av krav og forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken.

Det vart gjennomført intervju med byggherre 25. september 2019 for å undersøke nærare korleis avvik frå krav til tilstand og trafikkfarlege forhold på gang- og sykkelvegen knytt til drift og vedlikehald vert identifisert og handtert.

Vegtilsynet har fått tilsendt utdrag av driftskontrakten og dokumentasjon henta frå ELRAPP (Statens vegvesens system for elektronisk rapportering og oppfølging av driftskontraktar).

Tilsynspart har lagt forholda til rette for ei effektiv gjennomføring av tilsynet.

4. Tilsynsresultat

Symbol som er brukt for å illustrere tilsynsfunna i rappor­ten går fram av tabellen under.

Avvik
Mangel på samsvar med krav

Observasjon
Forhold der en gjennom revisjonen har sett at det er potensial for forbedring hos tilsynspart

Ingen funn
Tilsynskriteriet er oppfylt

Tilsynskriterium2

Statens vegvesen skal sikre at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav.3

 

Tilsynsbevis 1

Under inspeksjonen gjorde Vegtilsynet 166 registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav:

Tabell 1: Oversikt over registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav

Krav i Handbok R610

Tal ikkje i samsvar

Kap. 1.3 Inspeksjon*

11

Kap. 1.4 Sikt

1

Kap. 2.2 Vegdekke/fast dekke på fortau og gang- og sykkelveg

63

Kap. 2.8 Avvannings- og dreneringssystem

5

kap. 5.4 Vegoppmerking

7

Kap. 5.14 Vegbelysning

2

Kap. 5.15 Rekkverk

13

Kap. 5.17 Gjerde

2

Kap. 7.1 Naturlike areal

5

Kap. 8.2 Gang- og sykkelveg, sykkelveg med fortau, fortau, trapp og rampe

57

Totalt

166

* Forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken, men som ikkje tydeleg kunne koplast direkte til eit krav til tilstand i handbok R610, sjå Vedlegg 1.

Eksempelbilder frå Vegtilsynets inspeksjon i driftskontrakt 0602 Ringerike:

2019-29 bilde1.jpg
Bildet viser påkøyringsfarleg element i GS-veg  på gang- og sykkelveg. Tilstand var ikkje  i samsvar med krav til Kap. 1.3 Inspeksjon​​​​​
2019-29 bilde2.jpg
Bildet viser grus på gang- og sykkelveg. Tilstand var ikkje  i samsvar med krav til Kap. 8.2 Gang- og sykkelveg, sykkelveg med fortau, fortau, trapp og rampe
2019-29 bilde3.jpg
Bildet viser grus på gang- og sykkelveg. Tilstand var ikkje  i samsvar med krav til Kap. 8.2 Gang- og sykkelveg, sykkelveg med fortau, fortau, trapp og rampe
2019-29 bilde5.jpg
Bildet vise skada/manglande rekkverksavslutning og vegetasjon i rekkverket. Tilstand var ikkje i samsvar med krav til Kap. 5.15 Rekkverk
2019-29 bilde6.jpg
Bildet viser dårleg/manglande vegoppmerking i gangfelt. Tilstand var ikkje  i samsvar med krav til kap. 5.4 Vegoppmerking
2019-29 bilde7.jpg
Bildet viser vegetasjon som skygger for belysning på GS-veg  på gang- og sykkelveg. Tilstand var ikkje  i samsvar med krav til kap. 5.14 Vegbelysning.
2019-29 bilde8.jpg
Bildet viser sprekker på opp mot 100 mm i asfaltdekke på gang- og sykkelveg. Tilstand var ikkje  i samsvar med krav til Kap. 2.2 Vegdekke/fast dekke på fortau og gang- og sykkelveg


Tilsynsbevis 2

Byggherren opplyser at entreprenøren har utført inspeksjonar av gang- og sykkelveg i samsvar med kontrakt og inspeksjonsplan. Det vert gjennomført generell inspeksjon kvar veke. Desse inspeksjonane skal sikre funksjon for vegnett, sikre funksjon for objekt, fastlegge avvik, oppdage akutte skader og skadeutvikling. Inspeksjonen skal også registrere generell tilstand på vegnett og objekt, samt forhold som kan påverke trafikksikkerheit og framkome. Utførte inspeksjonar vert rapportert til byggherren, og det skal gå fram kva vegstrekning, dato og prosess som er inspisert og funne i orden. Det skal gå fram kva som skal skje med eventuelle avvik som ikkje er utbetra.

Byggherren har utført stikkprøvekontrollar, etterkontrollar og egendefinerte kontrollar for å følgje opp at tilstand på vegen er i samsvar krav. Frå oppstart av kontrakt i november 2018 og fram til tidspunktet for Vegtilsynets inspeksjon, var det planlagt 33 stikkprøvekontrollar på gang- og sykkelveg. Det er gjennomført 38 stikkprøvekontrollar og fem egendefinerte kontroller. 38 stikkprøvekontrollar er registrert utan mangel, ein kontroll er registrert med mangel og ingen kontroller er registrert med trekk. Utover dette er to avvik under behandling.

Byggherren opplyste at avvik avdekka gjennom entreprenøren sine inspeksjonar eller gjennom byggherren sine kontrollar vert behandla fortløpande. Det er registrert fem relevante R2-skjema på riks gang- og sykkelveg som er til behandling hjå byggherre.4 Utover dette kan ikkje byggherre dokumentere om Vegtilsynets registreringar låg som opne avvik på det tidspunktet Vegtilsynet gjennomførte inspeksjonane.

Vurdering

Vegtilsynets inspeksjon avdekka 166 registreringar av tilstand som ikkje var i samsvar med krav. Vegtilsynet vurderer fleire av registreringane som trafikkfarlege. Dei kan medverke til at ulukker oppstår, eller til at skadeomfanget aukar dersom ei ulukke fyrst oppstår. Sjølv om entreprenøren og byggherren har utført tal inspeksjonar/kontrollar i samsvar med krav, har ikkje dette ført til at tilstanden på riks gang- og sykkelvegane var i samsvar med kontraktens krav på det tidspunktet Vegtilsynet utførte inspeksjon.

 

Funn 1 - avvik
Statens vegvesen har ikkje sikra at tilstand på gang- og sykkelveg er i samsvar med krav i driftskontrakt 0602 Ringerike.

5. Konklusjon

Vegtilsynets vurdering er at kontrollomfanget hjå entreprenør og byggherre i utgangspunktet skulle vore tilstrekkeleg til å avdekke tilstand på gang- og sykkelveg. Undersøkinga har likevel vist at kvaliteten på gjennomføringa og/eller oppfølginga ikkje har vore tilstrekkeleg til å sikre samsvar med krav til tilstand på gang- og sykkelveg. Mange av registreringane gjort av Vegtilsynet har vore i strid med krav til tilstand over lengre tid.



Vedlegg 1: Grunnlag for tilsynskriterium

Statens vegvesen «skal ha og bruke tilstrekkelege og effektive styringssystem for å sikre tryggleiken knytt til riksvegane», jf. Veglova § 11 b.  Med «effektive og tilstrekkelege styringssystem» er det meint system som er innretta slik at «pliktsubjektet oppnår effekt i form av å ta vare på tryggleiken i veginfrastrukturen der den er god og synleggjer kor tryggleiken i veginfrastrukturen kan forbetrast».5

Statens vegvesens Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger set krav til funksjon og tilstand for objekt og krav til utføring av drift og vedlikehald. Kva standarden skal vere i dei ulike driftsområda kan i noko grad tilpassast lokale tilhøve og vert avtalefesta i kontrakten med entreprenør. Handboka er ei retningslinje i Statens vegvesens styringssystem og gjeld for all gang- og sykkelveg langs riksveg. Handboka er eit internt krav, men må reknast for å vere etablert standard og minimumskrav for å ivareta tryggleik i veginfrastrukturen ved drift og vedlikehald. Vegtilsynet har gjennom inspeksjon undersøkt etterleving av utvalde krav til tilstand i handboka:

Kapittel

Underkapittel

Kap. 1 Felleskrav

Kap. 1.3 Inspeksjon*

Kap. 1.4 Sikt

Kap 2 Vegbane og sideområde

Kap. 2.2 Vegdekke/fast dekke på fortau og gang- og sykkelveg

Kap. 2.7 Kantstein

Kap. 2.8 Avvannings- og dreneringssystem

Kap. 2.10 Sideområde

Kap. 5 Vegutstyr

kap. 5.4 Vegoppmerking

Kap. 5.8 Bom

Kap. 5.14 Vegbelysning

Kap. 5.15 Rekkverk

Kap. 5.17 Gjerde

Kap.7 Vegetasjonsskjøtsel

Kap. 7.1 Naturlike arealer

Kap. 7.7 Trær

Kap. 8 Reinhald av vegområde

Kap. 8.2 Gang- og sykkelveg, sykkelveg med fortau, fortau, trapp og rampe

MERKNAD

* Kap. 1.3 Inspeksjon set krav til gjennomføring av inspeksjonar for å «Registrere tilstand, skader og forhold som kan påvirke funksjon og sikkerhetsforhold, trafikksikkerhet […]».  Forhold som Vegtilsynet meiner påverkar trafikktryggleiken og som ikkje tydeleg kunne koplast direkte mot eit krav til tilstand i Handbok R610, er difor registrert under kap 1.3 Inspeksjon, då Vegtilsynet meiner desse forholda skulle vore fanga opp og ivaretatt gjennom slike inspeksjonar.

Statens vegvesen har utarbeidd eit system for å følgje opp og rapportere entreprenøren sine leveransar i driftskontraktar, System for oppfølging av driftskontrakter – SOPP.6 Systemet er beskrive i ein rapport som er ein del av Statens vegvesens styringssystem. Dette er interne krav som skal brukast ved oppfølging av alle driftskontraktar. Av systemet går det fram at Statens vegvesen med «tilstrekkeleg sikkerheit [skal] vite at bestilt arbeid, produkt og resultat er levert» og at Statens vegvesen skal kunne dokumentere at leveransen frå entreprenør er i samsvar med kontrakt, jf. Forord.

 

Vedlegg 2: Kartoversikt over registreringar

Kartutsnittet viser dei 166 registreringane innanfor driftskontrakt 0602 Ringerike:

2019-29 kart.jpg