Til hovedinnhold
13. januar 2022
sak 2021-10

Trafikkberedskap på omkøyringsruter Nye Veier AS

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Nye Veier AS. Tilsynssaka handlar om Nye Veier har
trafikkberedskapsplanar og om risiko på omkøyringsrutene er identifisert.
Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.
Vi ber tilsynspart innan ein fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis
observasjonen vil bli handtert. Vi gjer merksam på at observasjonar ikkje er bindande for
tilsynspart.

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Nye Veier har trafikkberedskapsplanar og om
risiko på omkøyringsrutene er identifisert.


Tilsynssaka har vist at Nye Veier har trafikkberedskapsplanar.
Vegtilsynet har gitt ein observasjon på at Nye Veier bør sikre at alle lokale
trafikkberedskapsplanar blir oppdaterte.