Målet med tilsynet var å undersøke i kva grad trafikksikkerheitsgjennomgang før overlevering av eti byggeprosjekt vert planlagd, utført, dokumentert og følgd opp.
Tilsynsfunn
Avvik 1
Statens vegvesen Region øst kan ikkje dokumentere at kvalitetsplan vert utarbeidd for alle utbyggingsprosjekt.
Avvik 2
Statens vegvesen Region øst kan ikkje dokumentere at kontrollplan vert utarbeidd for alle utbyggingsprosjekt.
Avvik 3
Statens vegvesen Region øst kan ikkje dokumentere at overleveringsprotokollar vert utarbeidd og vedlagt ved overlevering for alle utbyggingsprosjekt.
Avvik 4
Statens vegvesen Region øst kan ikkje dokumentere at avklarande dokumentasjon vedkommande trafikksikkerheitsgjennomgang vert vedlagt ved overlevering for alle utbyggingsprosjekt.
Observasjon 1
Det prosessorienterte kvalitetssystemet vert i liten grad brukt som grunnlag for finne prosedyrar for korleis utbyggingsprosjekt skal gjennomførast.
Observasjon 2
Handbok 151, som er eit internt krav for gjennomføring av utbyggingsprosjekt, er ikkje godt nok tilpassa små prosjekt (under 25 millionar kroner).
Observasjon 3
Rutinane for identifisering av sikkerheitskritiske avvik og farlege forhold før overlevering er mangelfull.
Observasjon 4
Rutinane ved overlevering sikrar ikkje at eventuelle feil og/eller manglar vert dokumentert og følgt opp.
Vegtilsynet ga to tilrådingar i saka