23. april 2019
sak 2015-04

Trafikksikkerheitsrevisjon i samsvar med vegsikkerheitsforskrifta Statens vegvesen

Samandrag

Ein trafikksikkerheitsrevisjon er «en uavhengig, detaljert, systematisk og teknisk sikkerhetskontroll av et vegprosjekts utformingsmessige egenskaper, som omfatter alle faser fra prosjektering til innledende bruk», jf. vegsikkerheitsforskrifta § 2 bokstav h).

Trafikksikkerheitsrevisjon av nye vegprosjekt er eit viktig verkemiddel for å sikre at trafikkfarlege forhold vert oppdaga og handtert. Sidan vegsikkerheitsforskrifta tredde i kraft oktober 2011 har det vore krav om at det skal gjennomførast trafikksikkerheitsrevisjonar ved gjennomføring av alle vegprosjekt på TEN-Tvegnettet.

Vegtilsynet har gjennomført ei tilsynssak som gjeld gjennomføring av trafikksikkerheitsrevisjon i samsvar med vegsikkerheitsforskrifta. Tilsynspartar i denne saka var Statens vegvesen, Region nord og Region sør.

Målet med tilsynet var å undersøke om Statens vegvesen, Region nord og Region sør gjennomfører trafikksikkerheitsrevisjonar på TEN-T vegnettet i samsvar med krav. 

For det fyrste undersøkte Vegtilsynet om det framgår av kvalitetsplanar at det skal gjennomførast trafikksikkerheitsrevisjon. Vidare om Statens vegvesen, Region nord og Region sør gjennomfører trafikksikkerheitsrevisjonar i samsvar med krav. Og kva rutinar/prosedyrar regionane har for lagring, læring og erfaringsdeling etter gjennomførte trafikksikkerheitsrevisjonar.

Tilsynet viste at det ikkje er beskrive i kvalitetsplanane at det skal gjennomførast trafikksikkerheitsrevisjonar og at det er manglar ved gjennomføringa av trafikksikkerheitsrevisjonar etter krava i vegsikkerheitsforskrifta. Manglande etterleving av krava til revisjon i vegsikkerheitsforskrifta kan ha som konsekvens at trafikkfarlege tilhøve ikkje vert avdekka i dei ulike prosjekttrinna. Vegtilsynet vurderer på bakgrunn av dette at Statens vegvesen, Region nord og Region sør ikkje sikrar ei trafikksikkerheitsmessig forvaltning av vegnettet (TEN-T) slik vegsikkerheitsforskrifta set krav til.

Vidare viste tilsynet at dei to regionane ikkje har eit system som sikrar tilstrekkeleg læring og erfaringsdeling etter gjennomførte trafikksikkerheitsrevisjonar. Vegtilsynets vurdering er at Statens vegvesen, Region nord og Region sør ikkje har utnytta det læringspotensial som ligg i gjennomførte revisjonar.