Til hovedinnhold
3. februar 2022
sak 2021-09

Vegoppmerking etter dekkefornying SVV

Om rapporten

Denne rapporten er basert på tilsyn i Statens vegvesen. Tilsynssaka omhandlar
vegoppmerking etter dekkefornying.

Rapporten inneheld ei oppsummering av tilsynet og ein presentasjon av tilsynsfunn.
Tilsynspart skal innan fastsett frist kome med tilbakemelding på korleis avviket vil verte
handtert, saman med ein tidsplan for gjennomføring.
På bakgrunn av denne tilbakemeldinga vil Vegtilsynet vurdere vidare oppfølging, eller lukking av avviket.

Samandrag

Målet med tilsynet har vore å undersøke om Statens vegvesen sikrar at vegoppmerking
etter dekkefornying vert utført i samsvar med fristar, slik at trafikktryggleiken vert teke i
vare.

Vegtilsynet ser at vegoppmerking etter dekkefornying er ein krevjande prosess å
gjennomføre. Arbeidet omfattar fleire steg - formerking, fresing og merking, og involverer
fleire aktørar - byggherre og ulike entreprenørar. Alle stega av vegoppmerking er viktige
og naudsynte, og bidreg til å skape leielinjer for trafikanten.
Av omsyn til trafikktryggleiken, er det avgjerande å sikre at nylagt vegdekke vert liggande utan vegoppmerking kortast mogleg tid, då det nylagte vegdekket manglar referansepunkta
vegoppmerkinga gjev.

Samla sett viste tilsynssaka at Statens vegvesen ikkje sikrar at vegoppmerking etter
dekkefornying vert utført i samsvar med fristar, slik at trafikktryggleiken vert teken i vare.

I tillegg har Vegtilsynet sett at det ikkje er fastsett fristar i styringssystemet for den delen
av arbeidet som byggherre gjer. Arbeidet som byggherre utfører bidreg òg til total tidsbruk
frå nylagt vegdekke til vegoppmerking er utført.

Vegtilsynet har funne eitt avvik som vil bli følgd opp med Statens vegvesen. I tillegg er det
gjort éin observasjon.